| Occupy i en overgangsperiode |
|
|
|
| Skrevet av Evan Sarmiento | |||
Occupy-rørsla er eit brot med venstresida.
det er eit brot med at horisonten er liberalt
demokrati, dogmatiske løysingar og kranglar om
territorium.
Occupy-rørsla har fødd eit nytt kommunistisk
straumdrag, med teoretisk fundament i Paris
1968 og i Occupy-rørsla sjølv.
Evan Sarmiento studerer arbeidsliv i Boston i Massachusetts og medlem av Freedom Road Socialist Organization.Like før klokka 5 om morgonen den 10. desember 2011 vart Occupy Boston kasta ut frå leiren vår på Dewey Square. Raidet kom etter at dommar Frances A. McIntyre oppheva ei midlertidig rettsavgjerd som forbaud politiet å gjera noko med Occupy Boston. Omgrepa «leirområde», «protest» og «sivil ulydnad» er beskytta av grunnlova til USA. Delstaten Massachusetts valde likevel å sjå på omgrepet «okkupasjon» som medvite overtaking av privat eigedom. Ironisk nok forstod rettsvesenet i Massachusetts okkupasjonen betre enn mange av okkupantane. Sjølv oppfatta dei leiren vår på Dewey Square meir som eit samlingsrop for dei 99 % enn som noko permanent. Endå meir interessant var det at delstaten Massachusetts meinte Occupy Boston ikkje kunne vera saksøkjarar ettersom kvart vitne hevda å ikkje representera Occupy Boston. Occupy Boston praktiserer flat struktur og konsensus, i tråd med heile Occupy-rørsla, og individa kunne berre representera seg sjølve Etter utkastinga snakka eg i eit panelordskifte på Harvard med tittelen «Kva er Occupy-rørsla?». Emmanuel Telez, ein ung jurist, var ordstyrar. Vi diskuterte denne merkelege motseiinga etter møtet. Occupy Boston var så framand for staten og rettsvesenet at den ut frå lova ikkje ein gong kunne eksistera. For staten var Occupy Boston eit usynleg, traumatisk element, ei ikkje-eining som omdefinerte og overskreid dei borgarlege rettane i konfrontasjonen med staten. Nokre såg på det som «å nytta borgarlege rettar på ein ikkje-borgarleg måte» Det vi tapte i utkastinga, var ikkje så mykje visjonen vår om å vera ustoppelege, om at ei anna verd er mogleg. Det vi tapte, var forståinga av vår heterodokse – ulikarta – stilling til staten. På Dewey Square stod vi og tok tilbake privat rom, og gjorde det om til eit politisk karneval, ein møtestad og eit senter for alle sosiale rørsler. Vi tente folket, objektivt sett. «Kost og losji»-komiteen sørga for mat og klede for om lag 200 000 dollar til heimlause familiar, ei gruppe som utgjorde ein stor del av okkupantane. Forståeleg nok, kanskje, såg mange okkupantar på leiren som lite anna enn eit propagandastunt, ein umoden aktivitet som var mindre viktig enn å byggja ei «verkeleg rørsle». Dei var også perplekse i forsøka på å definera kva vi hadde oppnådd, og ikkje i stand til å sjå omfanget av dei ideologiske og politiske sigrane våre gjennom nesten tre månader på Dewey Square. Det var valdsame ordskifte på allmøta våre. Occupy Boston splitta seg langs midten. Mange organisatorar og aktivistar tykte leiren var ei hindring. Dei argumenterte, med hell, for at det å halda på leiren, beskytta den mot politiet og utvida området ville vera umogleg. Dei såg for seg at Occupy Boston skulle spreia i ulike sfærar; til grupper som forsvarte huseigarar mot utkasting, til fagforeiningar og laga okkupasjonar rundt om i heile Stor-Boston. For desse var leiren eit hinder for å slå rot blant dei mest undertrykte og utbytta i byen. Kort sagt, korleis kan ein verkeleg bidra med leiarskap og organisering om ein er isolert til eit lite geografisk område. Ein stor minoritet, som eg var del av, auste av våre hjarta og sjeler til den fysiske okkupasjonen av Dewey Square. Vi såg på det å tena folket og ekspandera forpostane som avgjerande for å lykkast med Occupy Boston og heile Occupy-rørsla. Denne trenden forstod kor viktig det Michael Hardt, Antonio Negri og Slavoj Zizek kallar ‘commons’, ‘allmenning’, er. Den felles substansen i vårt sosiale liv. Offentlege rom, husvære, mat og dei grunnleggjande behova i livet, alt dette er del av allmenninga, og bærer eksistensen vår som sosiale vesen. Det å føra ein politikk for allmenninga var ikkje ein uttalt del av Occupy Boston, men det var sentralt i Occupy Oakland. Fokuset til Occupy Oakland på eigedom skapte heite ordskifte om tenleg strategi og taktikk, om skjebnen til Occupy-rørsla og om dei kritiske manglane i vårt nyliberale, nesten dystopiske, samfunn. Dagen før vi vart kasta ut, pakka okkupantane saman mesteparten av eigedelane våre, og okkuperte vinteren som ei desentralisert rørsle. Occupy Boston som ein antikapitalistisk leir forsvann ideologisk lenge før politiet fjerna oss. Det fanst ikkje eit djupt ynske å halda på leiren, og rørsla klarte ikkje å utvida til nye område. Sjølv om eg var skuffa over at vi ikkje forplikta oss til å halda på leiren og også over den manglande forståinga vår av kva leiren representerte, så var eg framleis optimist. Vinteren sendte Okkupasjonen inn i hundrevis av ny område. Occupy Boston sette ned ein komité for å kjempa mot kutt i offentleg transport. Okkupasjonar kom til i mange arbeidarklassestrok og til og med ein permanent leir i det einaste offentlege universitetet i Boston, University of Massachusetts. Vi vart omfamna i aktivistmiljø og fagrørsla, men det viktigaste som skjedde var at debatten om kva slags politikk som er mogleg, vart eit nasjonalt fokus for Occupy-rørsla. Skal vi gå vidare med okkupasjonar av privat eigedom? Skal vi flytta grensene? Korleis skal vi arbeida med veletablerte grasrotorganisasjonar og fagforeiningar? Eg vil gå inn på desse spørsmåla og gje et samandrag av arbeidet vårt i desse usikre, men spanande, tidene. Dei hurtigveksande kommunane
«Kvifor skulle ikkje kommunar veksa fram
overalt? I kvar fabrikk, kvar gate, kvar
landsby, kvar skule. Endeleg skal vi få eit
styre av basekommunar!» Eg har alltid sett
på den Usynlege komiteens The Coming
Insurrection som den grunnleggjande
teksten for Occupy-rørsla. Om ein vil
innrømma det eller ikkje så fylgjer Occupyrørsla den strategien. Framveksten av kommunar, organisasjonar og koalisjonar etter
utkastinga frå Dewey-parken nådde eit høgdepunkt, og kulminerte med mange formasjonar.
Occupy Quincy, Occupy Weymouth,
Occupy Somerville, Occupy Allston/ Men: Dei mest vellukka okkupasjonane
har historisk sett ikkje vore knytt til nabolag, men til ressursar. Spesielt gjeld dette
Occupy Our Homes – okkuper heimane
våre, og Occupy the T – okkuper transportsystemet. Desse fann måtar å knyta allmenningspolitikken i ei spreidd rørsle med å slå
djupe røter blant dei utbytta og undertrykte. I min stat, Massachusetts, reknar Massachusetts Alliance Against Predatory Lending med at det i nokre område er over 50 % av huseigarar som lånte pengar det siste tiåret, som ikkje klarer å halda hovudet over vatnet økonomisk. Desse områda er hovudsakleg befolka av farga. Lynn er ein av dei mest ueinsarta byane i Stor-Boston, og har mista mange av innbyggjarane sine på grunn av tvangssal. MAPL reknar med at tvangssal kostar Massachusetts opp mot 4,1 milliardar dollar kvar månad. Akkumulasjonen av kapital i USA held
fram trass i krisa, ikkje ved produksjon men
ved ekspropriasjon hovudsakleg frå den
farga arbeidarklassen. Den britiske marxistiske geografen David Harvey kallar dette
«akkumulasjon ved fordriving».
I denne situasjonen har Occupy ein spesiell
og umiddelbar politisk rolle. Organisasjonar
som City Life/Vida Urbana i Boston har
organisert militante forsvar av heimar og
okkupasjonar i eit tiår. Framveksten av
Occupy har styrka og endra dette arbeidet,
mellom anna med mobile lenkegjenger som
forsvarer heimar, og innimellom gjer om
tvangsselde heimar til basar for møte og
allmøte. 7. desember 2011 i New York, til
dømes, deltok over 400 i å gjenokkupera eit
tomt hus, og gje det til ei heimlaus familie.
Okkupantane pussa opp, fjerna mugg og
reparerte huset. Occupy Boston, saman med T-Riders Union, hadde ein demonstrasjon ved hovudbiblioteket i Boston 13. februar. Demonstrasjonen samla over 500, med ein stor del elevar frå vidaregåande skule. Etter demonstrasjonen gjekk dei og fylte ei offentleg høyring om kutta i MBTA. Det som er nytt her, er ikkje kampen mot kutt i offentlege ordningar, men samarbeidet mellom grupper som tidlegare ikkje hadde mykje med einannan å gjera. Grasrotgrupper som A.C.E. (Alternatives for Community and Environment), The Boston Carmens Union and Occupy the T arbeidde godt saman, med motseiingar, og hadde ei vellukka kampanje. Denne nye samla blokken av sosiale krefter – organisatorar, arbeidarar og okkupantar – er det som gjer denne overgangsfasen så unik. Men, som med ein kvar slik sosial blokk kjem motseiingane fram og revirtenkinga tek over for solidariteten. Eg vil nytta eit døme frå vestkysten for å syna kva utfordringar vi står andsynes. Occupy-rørsla søkte samarbeid med den historisk sett militante hamnearbeidarfagforeininga ILWU, International Longshore and Warehouse Union. Okkuper fagrørsla
Black Orchid Collective, svart orkidé-kollektivet, er et kommunistisk kollektiv
innanfor Occupy Seattle. Dei har slagordet
«fagorganiserte og dei 89 % -stå saman».
I USA er det bere 11 % av arbeidarane som
er fagorganiserte. Dei gjenverande 89 %
er i svært fleksible, usikre jobbar, og er
til vanleg ikkje representerte av fagrørsla.
Som fylgje av dette er det to tilnærmingar
til arbeid med fagrørsla i Occupy-rørsla.
Den eine tilnærminga, som er typisk for
Boston, er å sameina okkupasjonane som
eit tilskott til fagrørsla, og arbeida med
krefter som Jobs with Justice, Community/ Den 2. november 2011 stengte Occupy
Oakland hamna i Oakland, med atterhalden
aksept frå fagforeiningstoppane og sterk
støtte frå grunnplanet. Den 12. desember
gjekk Occupy Oakland og Occupy Seattle
i lag med Occupy-grupper i andre byar på
vestkysten for å stengja dei respektive hamnene sine. Kravet var at EGT, eit multinasjonalt shipping-selskap, skulle slutta med
forsøka på å tilsetja uorganisert arbeidskraft
i Longview hamn i Seattle, og slik sett få
uorganisert arbeidskraft inn i ein organisert
arbeidsplass. Sjølv om ein fekk stengt hamnene førte stengingane til mykje usemje.
På ei samling før hamnestenginga kravde
eit medlem av ILWU at Occupy Seattle
ikkje skulle blokkera hamna, ettersom
ILWU sentralt ikkje støtta det. Mange i
Occupy-rørsla såg på hamneblokadane som
adventuristiske og som brot på retten fagforeiningane har til å styra sitt eige felt, men
dei oversåg samstundes alle grunnplansaktivistane frå ILWU som var involvert i
kampanjen frå starten av. Ein okkupant på
samlinga sa: «Eg vaks opp i ‘hood’en og
fagførsla var der aldri for oss, det minste
de kan gjera no er å støtta blokaden vår.»
Dette seier svært mykje om Occupy-rørsla. Styrken til Occupy-rørsla ligg ikkje berre i kampen mot dei 1 %, men i endå større grad i den utilsikta deterritorialiseringa av revolusjonen. Occupy-rørsla har brote ned grensene mellom lokalsamfunn og fagrørsle, mellom bustadskamp og utdanningskamp. Etablerte organisasjonar, sjølv dei med ei radikal historie som IWLU, må handskast med ei ny sosial rørsle av ikkje berre organiserte arbeidarar, men også arbeidarar som ikkje har noko å mista. Arbeidarar som er ghettoisert, arbeidslause, midlertidig tilsette, nasjonalt undertrykte, og som historisk har sett lite til solidaritet frå fagforeiningane. Hamneblokadane på vestkysten var ikkje berre ein solidaritetsstreik, men ein politisk streik frå dei 99 % mot rasisme, fattigdom og politivald. Den teoretiske oppsummeringa frå Oakland Commune av aksjonane ser hovudsakleg på leiarrolla til dei utrygge, uorganiserte arbeidarane. IWLU klarte ikkje på eiga hand å forhandla med EGT. Den tradisjonelle streiken viste seg å ikkje vera effektiv. Men, som Oakland Commune merka seg, det å forstyrra varedistribusjonen og taktikken med mobile blokadar var effektivt! Occupy-rørslene på vestkysten stengte ikkje berre ned hamnene i dei respektive byane sine, men også sjølve by-funksjonane. Dette stadfesta teorien til Oakland Commune om at ein streik ikkje lenger kan karakteriserast med å halda tilbake arbeidskraft, men ved å avbryta flyten av kapital. Alain Badiou, ein fransk post-maoistisk filosof, hevdar at politikk er å grundig knyta opp alle band. Og er det ikkje slik at Occupy-rørsla i sine eksperiment med nye former for solidaritet og organisering eksemplifiserer krisa i alle etablerte band, spesielt i formen for fagforeining vi kjenner? Politikken til Occupy løyste opp grensene mellom fagforeiningar, lokale organisasjonar, partia på venstresida, og smidde ein folkeleg og frivillig disiplin. Dette tyder ikkje at eg er mot desse gruppene eller fagforeiningane. Tvert i mot, handlingane våre må styrkja grunnplanet der det er mogleg. Det eg vil kritisera, er vektlegginga av «respekt». Respekt er i seg sjølv ikkje solidaritet. Solidaritet går begge vegar, og ein ukritisk, underdanig respekt for etablerte organisasjonar kan ikkje vera grunnleggjande for frigjerande politikk. Det er ikkje det same som å seia at Occupy-rørsla er utan skuld eller politisk moden, men Occupy har avdekka og overkome avgrensingane til venstresida i USA. Desse avgrensingane kjem likevel til syne i Occupy-rørsla sjølv, ikkje berre i tilhøvet til andre sosiale krefter, men også i måtane å forstå ikkje-vald på. Vald og ikkje-vald
Occupy-rørsla vart starta som uttalt ikkjevaldeleg. 1. desember på Dewey-plassen
vart ikkje-vald og vald blanda med einannan.
På det tidspunktet kunne vi ikkje vaska opp
i leiren. Det var slaget om oppvaskkummen. Hendinga var typisk for forvirringa rundt ikkje-vald. Ein av leiarane i logistikkkomiteen gjorde ein mic-check, og forsikra politiet om at vi ikkje er valdelege, og bad oss til og med ta eit steg tilbake, mens vi omringa vasken. Han bad politiet grunngje kvifor dei konfiskerte vasken, og kravde å snakka til ein høgare offiser. På det punktet, medan vi framleis var forvirra og desorganiserte, slengte politiet vasken inn ei vogn. Nokre av oss prøvde å koma i stilling og omringa vasken, men politiet trakka over oss og skadde nokre av oss. Vi samla oss raskt rundt vogna. Nokre
okkupantar fornærma politiet, vart aggressive,
og ropte «Fuck the police» eller alternativt,
«Vi vil ta oppvasken!». Gruppa splitta seg.
Nokre stod på sidelinene og ropte at vi
var valdelege i ord, at vi var valdelege for å
prøva og slå ring om vasken vår, og føysa
politiet unna. Det var ein tydeleg splitt i
rekkjene våre. Nyleg har spørsmålet om vald kome attende. I januar prøve Occupy Oakland å sikra seg ein ny møtestad ved å marsjera til eit aude konferansesenter. Okkupantane var betre budde etter systematiske politiovergrep, og hadde med seg skjold. Nokre såg på det å bruka skjold som ei valdshandling eller som politisk umodent, men dei må ha gløymt at krigsveteranen Scott Olsen nesten døydde etter at eit politiprosjektil trefte ham i hovudet. Oakland-politiet gjekk til åtak på okkupantane med gummikuler, tåregass og mace. Nokre okkupantar kasta steinar tilbake, og anarkistar storma og vandaliserte rådhuset. Dette fekk Chris Hedges, ein velkjent liberalar som støtta Occupy-rørsla, til å kalla alle radikalarar og anarkistar for ein «kreft i rørsla». Linene vart trekte. Mange var samde med Chris Hedges. Men: Samanlikna med den hyppige volden og trakasseringa i undertrykte lokalsamfunn, samanlikna med det daglege strevet til dei 99 % for å overleva, kva er nokre steinar og knuste ruter? Occupy-rørsla i Oakland, som i Boston, gjekk frå å vera altruistisk pasifistisk, der ein til og med såg på skjellsord som vald, til å forsvara seg sjølv og det å kasta stein på politiet. Kvifor? Occupy-rørsla såg meir eller mindre på politiet som del av dei 99 %. Etter å ha sett kva politiet faktisk gjer, hadde ikkje lenger tanken om at politiet skulle vera del av dei 99 % nokon kredibilitet. Eg ville aldri karakterisert handlingane til Occupy Oakland som ultra-venstre. Dei er absolutt splittande, ved at dei avdekkjer motseiingane blant dei 99 %, og opnar opp for ein «kamp mellom to liner», men dei var også på tide. Det er framleis problem med ultravenstrisme og eventyrisme i Occupy som er langt meir viktige enn nokre knuste vindauga eller politiuniformar merkte av steinar. Ein lokal debatt
Eit vanskeleg ordskifte braut ut i Boston
innanfor ei kvinnegruppe i desember, etter
at vi vart kasta ut. I tida i leiren hadde
overgrepsmenn på nivå 3, dei som er mest
tilbøyelege til å gjera valdelege, seksuelle
brotsverk, sett opp telt på Dewey Square
og gått til åtak på kvinnelege okkupantar.
Responsen frå Occupy-rørsla var heller
treig. Kvinnegruppa forsøkte å få vedteke
å stengja ute alle nivå 3 overgrepsmenn frå
Occupy Boston. Dette vart blokkert av ei
gruppe menn på allmøtet. Heile kvinnegruppa storma ut. Der eg ikkje vil seia at
streikane og okkupasjonane til Occupy
Oakland var symptom på «ultravenstrisme»,
meiner eg dette vedtaket i Boston var det,
og at det illustrerer problema som ligg i
horisontalisme og konsensus der privilegerte individ med mannskropp kan underminera arbeidet til kvinnene. Mange i Occupy-rørsla såg på å stenga overgriparar ute som statisme. Dei såg på det som motivert av å kunne bringa politi og rettsvesen inn i rørsla, og kritiserte nemninga «nivå 3 seksuelt overgrepsmann» som ei tilfeldig merkelapp sett på individ av ein gjennomkorrupt statsmakt. Mange anarkistar og antikapitalistar såg på staten, heilt udialektisk, som ein monolittisk undertrykkjande eining. «Staten er lik undertrykking», noko som er sant, men som ikkje tek opp i seg forståinga av at staten sjølv endrar seg som resultat av folkelege rørsler som borgarrettskampen og kvinnerørsla. Dei såg på karakteriseringa av overgriparar som praksisen til ein stat som kriminaliserer borgarane, heller enn som eit resultat av kvinnekampen. I USA vert ein av fem kvinner valdtekne.
Utsegna frå kvinnegruppa var ikkje meir
enn eit krav om respekt og tryggleik, noko
som gjekk tapt i tankane til radikale antikapitalistar og anarkistar som ofte går seg
bort i forsøk på ideologisk reinskap. Det er
verkeleg ultravenstrisme i Occupy-rørsla,
ein fare som er langt større enn den såkalla
ultravenstrismen til black bloc eller tilfeldige
og uunngåelege åtak på eigedom.
Kampen mellom to liner
i Occupy-rørsle Nokre kameratar er fast bestemte på å
«okkupera venstresida», men eg er usamd.
Occupy-rørsla er eit brot med venstresida.
Det er eit brot med at horisonten er liberalt
demokrati, dogmatiske løysingar og kranglar
om territorium. Occupy-rørsla har fødd eit
nytt kommunistisk straumdrag, med teoretisk fundament i Paris 1968 og i Occupyrørsla sjølv. Black Orchid Collective i
Seattle og Oakland Commune er eksempel
frå vestkysten. I Boston arbeider ein ny
kommunistisk gruppe, Red Horizon, som
prøver å stilla spørsmål heller enn å lata
som dei har alle svara. Konklusjon
Occupy-rørsla er no karakterisert av
utspreiing, av stadig nye kommunar og
koalisjonar, og djupe, splittande ideologiske
konfliktar. På den eine sida ser ein ikkje
på Occupy-rørsla som noko anna enn ein
pressgruppe eller eit vedheng som skal veva
sine trådar av kamp inn med meir dominerande organisasjonar som AFL-CIO eller
det demokratiske partiet. På den andre sida
ser ein på Occupy-rørsla som ein distinkt
okkupasjon, som praktiserer politikken til
allmenninga, reapproprierer offentleg rom,
tener folket, og gjer mange feil undervegs. (Artikkelen er oversatt av Magnus Bernhardsen) Lag en lenke av denne siden
|
|||
| Sist oppdatert fredag 25. mai 2012 17:36 |
Nå kan du arkivere artiklene fra Rødt! i ePub format. Det betyr at du kan lese det som e-bok direkte på iPad / iPhone og Android, eller i en epub-leser på pcen din. Klikk på det grønne symbolet øverst til høyre ved artikkeltittelen. Hvis du ikke har en epub-leser, søk på "epub reader" for ditt operativsystem eller nettleser.