| Stengt for innsyn – åpent for korrupsjon |
|
|
|
| Skrevet av Erling Folkvord | |||
|
Dei kommunale omorganiseringane kan ha gjort det lettare eller vanskelegare å lykkast med korrupte handlingar. Sentrale spørsmål for å vurdere resultatet er:
Artikkelen er kapittel 2 i en ny bok fra Erling Folkvord som kommer før sommeren. Erling Folkvord er bystyremedlem i Oslo for Rødt og tidligere stortingsrepresentant for RV.
Smith-utvalet – eit statleg utval som granska styringa av Oslo kommune for tjue år sia – oppsummerte at «visse organisasjonsog beslutningssystemer vil lettere enn andre kunne legge til rette for korrupsjon og lignende forhold».1 Summen av lovendringar og kommunal omorganisering har sia den gongen forandra kvardagen i kommunane. Eit viktig spørsmål er om kvar enkelt omorganisering har begrensa eller utvida speleromet for eventuelle korrupte aktørar. I norske kommunar har kommunestyret det øvste ansvaret for at kommunen er organisert på ein ryddig måte. Du bør spørje om kommunestyremedlemmane har brukt lærdomen frå Smith-utvalet. Har dei gjort organiseringa av kommunen enklare og meir gjennomsiktig? Er ansvarsforholda klare? Har kommunen ein kultur for at dei som har tilsynsplikt, skal ta oppgåva på alvor? Får dei som ønskjer innsyn, sjå det dei ber om? Innsynsrett for alleInnsyn er ein rett og ikkje ei plikt. All erfaring viser at det er vanskeleg å avdekke korrupsjon utan tips frå innsida eller frå personar med nær kontakt til etaten eller bedrifta der den korrupte opererer.2 Da Stortinget i 1970 vedtok offentlighetslova, vart innsyn i statlege og kommunale saksdokument ein demokratisk borgarrett.3 Før den tid hadde opposisjonspolitikaren Per Borten (Sp) møtt veggen da han oppfordra Ap-regjeringa til å lovfeste ein slik innsynsrett. Da Borten vart statsminister og fekk makt, følgde han opp dette standpunktet, enda om det var meir enn upopulært i hans eiga regjering. Fordi statsminister Borten sette stillinga si inn på det, måtte justisminister Schweigaard Selmer (H) til slutt utarbeide ei lov ho sjølv var i mot. Alternativet hadde vori regjeringskrise. 4 Lova vart omarbeidd for nokre år sia, og har i dag svært tøyelege unntak.5 Arbeidsmiljølova og mange tariffavtalar har dessutan reglar som gir tillitsvalde rett til innsyn i visse saksforhold hos arbeidsgivaren. Både sløsing og korrupsjon blir lettare oppdaga dersom tilsette, tillitsvalde og andre som bryr seg, lett får innsyn i alt som gjeld pengebruken på eit bygge- eller vedlikehaldsprosjekt. Innsyn for dei som bryr seg, er ubyråkratisk og praktisk talt gratis. God bruk av innsynsretten kan reparere ein del av den skaden politikarar gjer, når dei forsømmer lovfesta tilsynsplikt. Frå kommunalt til kommersieltOm vi skal forenkle utan å overdrive, kan vi seie at regjeringane frå slutten av 1980-talet har tatt kvar sine etappar i ei omfattande omdanning av den offentlege sektoren.6 Reformene og endringane bygger i stor grad på ei tilpassing av den marknadsliberale nytenkinga økonomen Milton Friedman7 utvikla frå midten av 1950-talet. Ein norsk versjon av ideologien bak omdanningsprosessen vart i 1991 formulert i rapporten «Mot bedre vitende? Effektiviseringsmuligheter i offentlig sektor».8 Professor Victor D. Normann var leiar for utvalet som tenkte nytt på oppdrag frå regjeringa til statsminister Jan P. Syse (H). Normann forstod kor viktig ord og begrep er. Han la derfor stor vekt på ideologi. Normann-utvalet laga ein overordna strategi for ein omdanningsprosess som enno ikkje er fullført. Reint språkleg utfordra ikkje Normann den innarbeidde velferdsstatsmodellen. Han lanserte nye ord og uttrykk for å få fleire til å godta at Adecco og andre private bedrifter overtar det som før var offentleg. Sosialminister Guri Ingebrigtsen (Ap) gav sommaren 2000 full støtte til den ideologiske grunnhaldninga som professor Normann formulerte. Ap-ministeren meinte anbud og konkurranseutsetting i eldreomsorga er greitt, berre kommunen framleis har ansvaret.9 Ho provoserte grunnplanet i sitt eige parti, men fekk ryggstøtte frå partileiinga. 10 Ordet «privatisering» vart eit fyord for moderne borgarlege politikarar. Konkurranseutsetting har betre klang. Professor Normann meinte for tjue år sia at «fristilling» og «fritt brukervalg» var gode ord for å beskrive omdanninga frå kommunalt til kommersielt. Fri rett til å velje høyrest bra ut, i motsetning til byråkratisk dirigering og tvang. Eitt av måla med omdanningsprosessen er at all tenestetyting – uavhengig om drifta er i kommunal eller privat regi – skal drivast omtrent som ei kommersiell, privat bedrift. EØS-avtalen (avtalen om det europeiske økonomiske samarbeidsområdet) som Stortinget vedtok11 rett før valet i 1993, har i 17 år vorti brukt som ein motor for å få til slik omdanning. Da avtalen var vedtatt, understreka Jens Stoltenberg heilt korrekt at EØS «vil i praksis si et økonomisk medlemsskap i EF12 med fri flyt av varer, tjenester, arbeidskraft og kapital».13 Konkurranseutsetting har vorti nesten som eit halv-religiøst trylleord i enkelte rådhusmiljø. Rådmenn og ordførarar av den nye tid er for konkurranseutsetting, mellom anna fordi regjeringa er for det, uavhengig av om ho kallar seg raud-grøn eller blå. Skeptiske kommunestyremedlemmar føler seg pressa til å godta det som er billigast,14 fordi Stortinget kvart år gir kommunane lågare inntekter enn det dei treng for å unngå nedskjæringar. New Public Management – ny offentleg styring – er eit samlebegrep for heile omdanningsprosessen. Det betyr å organisere både bygging, forvaltning og drift av skolar, sjukehus, eldreomsorg og barnehagar etter modell av kommersielle bedrifter.15 Offentleg Privat Samarbeid (OPS) dekker eit avgrensa område. OPS betyr ofte at private firma eig bygningar og leiger dei ut til kommune eller stat på langsiktige avtalar. OPS finst i mange variantar og i dei fleste sektorane: Bygging og vedlikehald av vegar, skolebygg, sjukeheimar og sjukehus for berre å nemne litt. (I kapitel 7 i boka beskriv eg eit OPS-prosjekt nærare. E.F.) Stortinget skrudde klokka tilbakeDet var eit nytt steg i retning meir gjennomsiktig saksbehandling da Stortinget i 1977 vedtok at visse delar av møta i formannskapet kan vere åpne.16 Det tok femten nye år før Stortinget lovfesta at møta i formannskapet skal vere opne. I løpet av denne perioden kom det første tilbakeslaget med innføringa av byrådsordninga i Oslo frå 1986. Eit samla storting bestemte at møta i byrådet skal vere lukka. Stortinget gav dessutan byrådet rett til å hemmelegstemple saksdokumenta fram til byrådet har gjort vedtak.17 Kvar gong bystyret vedtar å gi byrådet rett til å avgjere saker, betyr det derfor automatisk mindre innsyn og meir lukka saksbehandling. Overgang frå offentleg drift med samfunnsmessige mål til kommersiell drift med profitt som mål, krev mange endringar.18 Vi har fått nye selskapsformer: Kommunalt føretak (KF), interkommunalt selskap (IKS) og selskap med begrensa ansvar (BA)19 er dei viktigaste. Kommunalminister Gunnar Berge (Ap) sa i 1996 at Stat og kommune behøver ikke nødvendigvis selv produsere alle tjenester som finansieres over skatteseddelen, men kan overføre produksjonen til et marked. Han meinte at kommunalt føretak kunne vere ei egna organisasjonsform «i de tilfeller der kommunen ikke ønsker å gå til det skritt å helt ut overlate produksjonen av en tjeneste til privateide foretak, men heller vil fristille en kommunalt eid virksomhet og gi den status som markedsaktør.»20 Det politiske ansvaret blir utydeleg når ein kommune flyttar visse oppgåver frå ein etat til eit kommunalt føretak (KF). Det åpne kommunestyret skal ikkje lenger behandle enkeltsaker. Styret eller direktøren avgjer det meste, bortsett frå årsbudsjettet.21 I november 1998 vedtok eit samla storting ei kraftig innskrenking av innsynsretten. Ei ny lov slo fast at styremøta i eit kommunalt føretak skal vere lukka, slik det er vanleg i aksjeselskap.22 Lukka styremøte i 241 slike føretak23 betyr i 2011 at interesserte innbyggjarar blir stengde ute frå å følgje med på tusentals saker som før vart behandla i åpne møte i formannskap eller kommunestyre.24 Når kommunale oppgåver blir flytta til eit kommunalt aksjeselskap, blir det gjerne enda vanskelegare å få innsyn. Avstanden til kommunestyret blir enda litt større. Direktør og styre i kommunale aksjeselskap føler seg lite bundi av reglar som gjeld i vanleg kommunal saksbehandling. Eit av eksempla er det kommunale busselskapet i Oslo. På grunn av aksjeselskapsforma har direktør og styret sia selskapet vart oppretta meint at dei ikkje ein gong er forplikta til å følgje lov om offentlige anskaffelser. Dei tok seg berre til rette. (Eg kjem nærare inn på dette i kapittel 5 i boka. E.F.) Tilsyn – tilsynspliktTilsyn er òg eit viktig stikkord i korrupsjonssamanheng. 25 Oslo bystyre har vedtatt at tilsynsplikten kan ikke begrenses. Bystyret skal se til at virksomheten drives i samsvar med gjeldende regelverk, pålegg, vedtak og inngåtte avtaler.26 Dette høyrest fint ut. Bystyrekomitear og bydelsutval har tilsynsplikt for kvart sitt område. Derfor skal Helse- og sosial komiteen mellom anna føre tilsyn med Omsorgsbygg og med eldreomsorga. Godt tilsyn er per definisjon konfliktfylt. Det avgjerande er korleis politikarane praktiserer tilsynsplikta. Eg meiner at det utvalet eller den politikaren som skal føre tilsyn med ein etat eller eit føretak, sjølv må undersøke korleis tilstanden er. Ho eller han må personleg ta det på alvor dersom tilsette, leverandørar, tenestemottakarar eller andre varslar om kritikkverdige forhold. Det ligg i korta at det kan vere ubehageleg å ta tilsynsplikta på alvor. Det er lettare å la vere. Tilsyn er lite verd viss dei som har tilsynsplikt berre stiller spørsmål til direktøren – og så godtar svaret. Den typen tilsyn beskytta den korrupsjonen Thorolf «Langbein» Johannessen organiserte i Vedlikeholdsetaten i Oslo fram til 1988. Oslo bygningsarbeiderforening tok ansvarI slike tilfelle kan aktiv bruk av innsynsretten rette opp litt av skaden. Samarbeidet mellom ein entreprenør og to kommunale føretak i Oslo fram til våren 2008 gav eksempel på dette. Byggmester Harald Langemyhr AS hadde store oppdrag på Økern sykehjem og andre kommunale byggeplassar. Verken styremedlemmar i Omsorgsbygg og Undervisningsbygg eller folkevalde med tilsynsplikt oppdaga den alvorlege arbeidsmiljøkriminaliteten. Dei to føretaka hadde for vane å sette bort byggeplasskontrollen til private konsulentar. I nokre tilfelle kan ikkje desse ha gjort så mykje meir enn å stikke innom byggeplasskontoret og sett at HMS-permen var på plass i hylla før dei sende rekning for utført tilsyn. I denne situasjonen tok Oslo bygningsarbeiderforening ansvar. Tillitsvalde gjorde grundig arbeid. Dei samarbeidde òg med dyktige journalistar. Dette førte til at Arbeidstilsynet, politiet og kommunerevisjonen 29. mai 2008 gjennomførte ein samordna razzia på kontor og byggeplassar hos entreprenøren. Arrestasjonar og dokumentbeslag gav etterforskarane nok å ta fatt i. Drygt to år seinare tok Oslo politidistrikt så ut tiltale. I retten må entreprenøren svare på ein påstand om bedrageri mot Oslo kommune for 18,4 millionar kroner og brot på arbeidsmiljølova.27 Forsvararen vil nok gjere eit poeng av at han følgde etablert praksis og at kommunen betalte utan å stille spørsmål. Entreprenøren som hevdar han er heilt uskyldig, kunne fortsette så lenge, fordi dei som hadde tilsynsplikt, såg vekk eller var opptatt med andre ting. Hadde politiet hatt bevis for at nokon av dei svikta mot betaling eller etter avtale, hadde det vorti snakk om straffbar korrupsjon. Denne saka er eit eksempel på at forsømming av tilsynsplikta var innarbeidd rutine. Ingen har hittil vorti straffa for å forsømme seg på den måten. I rettsleg samanheng er dette derfor berre ei bedragerisak som retten enno ikkje har tatt standpunkt til. Saka har fått brei offentleg omtale, med namnet til entreprenøren i alle kanalar. Det vart «Langemyhr-saka» i media, ikkje «Omsorgsbygg-saka». Entreprenøren utnytta systemsvikten og fortener kritikk. Kanskje blir han òg dømt. Dei som forsømde tilsynsplikta si, har hittil gått fri. Har dei korrupte fått større spelerom?Dei kommunale omorganiseringane kan ha gjort det lettare eller vanskelegare å lykkast med korrupte handlingar. Sentrale spørsmål for å vurdere resultatet er:
Det som blir kalla ny offentleg styring (New Public Management), betyr ikkje i seg sjølv at det blir meir korrupsjon. Men det betyr fleire område med lukka saksbehandling. Ei årsak er at så mykje meir enn før skal ut på anbud og kontrakt. Å føre effektivt tilsyn med ein anbudsprosess er vanskeleg. Det krev både tid og sakkunnskap. Folkevalde utøver sjeldan eit konkret tilsyn med korleis saker blir behandla og avgjort i kommunale føretak, aksjeselskap og interkommunale selskap. Konkurranseutsetting gir i tillegg mindre innsyn i den daglege drifta fordi offentleglova ikkje omfattar dei private drivarselskapa. Summen av mange organisasjonsendringar i kommunesektoren har skapt nye og til dels betre vilkår for dei som vil berike seg sjølv eller andre gjennom uryddig eller korrupt handlemåte. I løpet av dei siste tjue åra har det – for å bruke Smith-utvalet sine ord – vorti meir av «organisasjons- og beslutningssystemer » som legg forholda «til rette for korrupsjon og lignende forhold». Stortingsvedtaket i 1998 om lukka styremøte i kommunale føretak var eit langt steg i feil retning. I det neste kapittelet skal vi derfor sjå korleis opprettinga av to av dei store kommunale føretaka i Oslo endra korrupsjonsrisikoen. Noter:
Lag en lenke av denne siden
|