|
Kan finanskrisa gi nye sjansar til å prøva
sekstimarsdagen? Kva må i så fall til for at slike
forsøk skal bli vellykka?
Kan sekstimarsdagen brukast til å dempa
noko av skadeverknadene av den arbeidsløysa
som følgjer av finanskrisa?
Ebba Wergeland
er lege og spesialist i arbeidsmedisin.
Magnhild Folkvord
er journalist i Klassekampen
Ideen om å dela på arbeid i krisetider er
på ingen måte ny. På 1920- og 1930-talet
vart krav om sekstimarsdag reist i fagrørsla.
LO stod for full lønnskompensasjon, men
somme stader oppmoda arbeidslause til at
det ikkje skulle stillast krav om full lønnskompensasjon
– ut frå ein tanke om at
det ville gjera det lettare å få gjennomført
arbeidsdelinga.
Aukande arbeidsløyse
Det er spådd ei arbeidsløyse i 2010 på 3,5 til
3,75 prosent. I oktober 2009 var den registrerte
arbeidsløysa 3,2 prosent.
I desember 2009 var det registrert
20 000 fleire heilt arbeidslause hos NAV
enn på same tid i 2008. I 2010 kan det i
følgje spådommane bli 10–13 000 fleire
heilt arbeidslause enn i 2009.
NAV opererer med tre kategoriar av
arbeidslause: «heilt ledige», «delvis ledige»
og «ordinære tiltaksdeltakarar». I desember
2009 var om lag 70 000 «heilt ledige» og
vel 31 000 «delvis ledige», 11 000 fleire enn
på same tid året før. («Delvis ledig» kan vera
alt frå ein deltidsarbeidar som ønskjer meir
arbeid, til ein som er «heilt ledig», men har
registrert nokre timars arbeid på meldekortet
til NAV for dei siste to vekene.) Vel 20
000 var «ordinære tiltaksdeltakarar», nesten
9000 fleire enn året før. Det er folk som går
på kurs i NAV-regi eller som har ein jobb
med ei eller anna form for lønnstilskott.
Noko av dette kan føra vidare til ordinær
jobb, men så lenge folk er «på tiltak» har
dei ikkje ein ordinær jobb.
Legg vi saman desse tre gruppene, blir
talet på arbeidslause i desember 2009 om
lag 120 000 – vesentleg meir enn dei om
lag 70 000 som var registrert som «heilt
ledige». Og om dette talet aukar i same takt
som talet på heilt arbeidslause, kan vi vera oppe i 140 000 i 2010.
Sprikande tendensar
Førebels har den internasjonale finanskrisa
som vart synleg hausten 2008, hatt direkte
konsekvensar for ein relativt liten del av
arbeidsstyrken i Noreg, med bygg og anlegg
og finans og eigedomsforvalting som dei
viktigaste. Offentleg sektor, den største
arbeidsplassen for kvinner, er mykje mindre
konjunkturavhengig. Men for den som mistar
jobben, er konsekvensane like alvorlege
anten det er to eller ti eller tjue prosent som
opplever det same.
Korleis arbeidsmarknaden kjem til å sjå
ut i dei næraste åra er avhengig av mange
sider ved utviklinga. På somme område kan
det bli «overskott» av arbeidskraft, på andre
område «underskott».
Internasjonal finanskrise påverkar etterspurnaden
etter vissevarer, og kan raskt føra
til nedtrapping i delar av norsk industri,
oppseiingar og permitteringar. Produksjon
av bildelar er eitt eksempel.
Redusert etterspurnad eller skjerpa internasjonal
konkurranse kan føra til større vekt
på automatisering og effektivisering, slik at
det blir bruk for færre folk i produksjonen.
Konkurranseutsetjing av offentleg verksemd
kan føra til meir utstøyting – eldre og
ikkje hundre prosent friske arbeidstakarar
blir utkonkurrerte.
Det at folk lever lenger, vil gjera at det
trengst fleire folk i delar av offentleg sektor som
driv tenesteyting til eldre. Dette vil krevja at
arbeidskraft går frå privat til offentleg sektor
eller import av arbeidskraft.
Klimakrisa må få følgjer for det overforbruket
som pregar dei rikaste landa i verda, og
produksjonen må leggjast om. Det kan vera
rett å redusera noko produksjon, til dømes
av bilar og fly, og auka anna produksjon,
som til dømes sykkeldrosjar.
Frå krisetiltak til velferdsreform
Vårt utgangspunkt er ikkje at sekstimarsdagen
i seg sjølv kan hindra kriser, men
vi ønskjer å sjå om krisa kan gi eit ekstra
pådriv til å gjera nye erfaringar med sekstimarsdagen.
Motiveringa er at vi meiner
seks timars normalarbeidsdag bør bli den
neste store velferdsreforma, heilt i tråd
med kva forbundsleiar Jan Davidsen i
Fagforbundet har uttalt ved fleire høve
(mellom anna i VG 29.6.2009).
For å styrkja det politiske kravet om seks
timars normalarbeidsdag er det viktig å
skaffa fram mest mogeleg erfaringsmateriale.
Sekstimarsdag som kriseløysing kan
gjera livet lettare for den som elles ville
bli arbeidslaus. Og di fleire som får sjå at
sekstimarsdag er mogeleg, di større trur vi
sjansane er for at det blir reist som eit velferdskrav.
Vi vil sjå på tre døme der vi meiner
mellombels innføring av sekstimarsdagen
kunne ha gjort ein vesentleg skilnad.
Omstilling med utstøyting
I løpet av 90-talet og dei første åra etter
2000 førte omstilling og privatisering til
at fleire tusen tidlegare statleg tilsette vart
arbeidslause.
Fafo-forskarar har mellom anna sett på
kva omstillingane i Posten, Statens vegvesen/
Mesta, Skatteetaten og politiet førte med
seg av utstøyting frå arbeidslivet.
Det tidlegare Postverket gjennomførte
den mest omfattande nedbemanninga – frå
om lag 32 400 tilsette ved inngangen til
1990-åra til om lag 24 400 i konsernet Posten
i 2004. Mesta gjennomførte ei omfattande
nedbemanning i 2003. I Skatteetaten og
politiet førte omstillingane ikkje til mykje
nedbemanning.
Fafo-rapporten viser at tilsette i Posten
hadde større risiko for å bli arbeidslause
enn andre, og større risiko for å komma på
attføring enn gjennomsnittet av arbeidstakarane.
I Posten ser forskarane ein direkte
samanheng mellom omstillingsprosessane
og omfanget av uføretrygding, men også i
Mesta er det mykje som tyder på ein slik
samanheng.
I 2003 var det 33 prosent større sjanse
for at ein posttilsett ville bli ufør enn
ein tilsett med tilsvarande utdanning og
arbeidsoppgåver elles i arbeidslivet.
I 2004 hadde nesten 1400 tidlegare tilsette
i Posten rett til ventelønn. (Ventelønn
er eit tryggingsnett for tenestemenn som
blir oppsagde fordi arbeidet fell bort, som
ved nedbemanning og omorganisering.)
Kvinner og tilsette med låg utdanning vart
hardast ramma av dei ulike formene for
utstøyting.
Ikkje noko tyder på at helsetilstanden i
Posten og Vegvesenet i utgangspunktet var
dårlegare enn elles i arbeidslivet. Men når
du held på å mista jobben, kan ein helsesvikt
som tidlegare var til å leva og arbeida
med, gjera deg arbeidsufør i høve til nye
jobbar, slik at du ender på uføretrygd etter
arbeidsløyse, sjukmeldingar og attføringsperiodar.
Det går også fram av Fafo-rapporten
at både tilsette og tillitsvalde oppfatta at
produksjonspresset auka etter omstillingane.
Dei som heldt fram i jobben kunne bli
funksjonshemma i høve til strengare jobbkrav
og havna på uføretrygd i neste runde.
Kva om Posten og/eller Vegvesenet/Mesta
hadde nytta sjansen til å prøva sekstimarsdag?
Det ville gitt jobb til ein heil del av dei som vart overtalige og seinare støytte ut av
arbeidslivet. Sannsynlegvis kunne fleire stått
lenger i arbeid, noko som i andre samanhengar
blir sett på som ei høgverdig målsetting.
Ei innvending frå arbeidsgivarsida ville vera
at sekstimarsdag ville kosta så mykje at det
ville eta opp mykje av innsparingsgevinsten
ved omstillinga. For private arbeidsgivarar
er kostnader med uføretrygding og auka
arbeidsløyse ikkje eit problem, dei må det
offentlege bera. Desse tidlegare statlege verksemdene
tenkjer som ein privat arbeidsgivar.
Kva om nokre av dei millionane som
gjekk til ventelønn og utbetalingar til
arbeidslause og uføretrygda, var brukt til å
subsidiera ei utprøving av sekstimarsdagen?
Om dette vart gjort med grundige førebuingar
i samarbeid med dei tilsette, ville det
høgst sannsynleg gitt positive resultat: mindre
utstøtying, fleire i arbeid, færre på trygd.
Noko av dette kunne ein måla i kroner,
som lågare utbetalingar på trygdebudsjettet.
I tillegg kjem den mindre målbare, men
ikkje mindre viktige verdien i at folk får
høve til å delta i arbeidslivet istadenfor å bli
støytte ut.
Ikkje alle ville lika smitteeffekten.
Hundrevis av menneske ville gå omkring og
snakka til venner og kjente om kor fint det
var med seks timars arbeidsdag, kor fint det
var å ikkje vera utsliten når ein kom frå jobben,
å ha tid til å vera meir i lag med barn,
barnebarn og andre viktige personar, meir
tid til å vera ute, til å trena, og kva dei no
elles måtte ha lyst til å bruka meir fri tid til.
Frå industri til barnehage
Krisa kan føra til at tusenvis blir arbeidslause
på same tid som det trengst nye tilsette i
tusental i kommunane, særleg i barnehagar
og i pleie- og omsorgssektoren.
Vi har høyrt at det er meiningslaust å snakka om sekstimarsdag, problemet er
mangel på arbeidskraft. «Da må folk jobba
meir, ikkje mindre!» Vi trur tvert om at
sekstimarsdagen kan løysa noko av dette.
Ser vi privat og offentleg sektor under eitt,
er ikkje det største problemet mangel på
arbeidskraft, men fordelinga av arbeidskrafta.
Det er «overskott» av arbeidskraft
somme stader og «underskott» andre stader.
Ein del av dei som blir arbeidslause i privat
sektor, finn sjølve fram til ledige jobbar
i offentleg sektor, slik som ein industriarbeidar Aftenposten fortalde om 4. januar
i år. 33-åringen som akkurat hadde mista
jobben på Follum bruk ved Hønefoss på
grunn av oppseiingar, sa han godt kunne
tenkja seg å arbeida i barnehage. Men slike
eksempel er sjeldne.
Skal folk skifta beite, må ein ikkje gløyma
at dei fleste vil ha bruk for å læra seg eit
nytt fag. For somme kan det vera ei alvorleg
hindring, for andre ein spennande sjanse til
å prøva noko nytt. For det store fleirtalet er
det rimeleg å tru at det trengst motivering
på fleire vis. Der kan sekstimarsdagen vera
ein nøkkel.
Dersom ein innfører seks timars normalarbeidsdag
i dei delane av offentleg sektor
som mest treng arbeidskraft, vil det for
svært mange vera eit godt argument for å
søkja seg akkurat dit.
Men kostnadene vil auka. Kommunane
som treng meir arbeidskraft til eldreomsorg
og barnehagar vil seia at dette har dei ikkje
pengar til.
Statlege tilskott må til. Også her er det
eit spørsmål om å sjå ting i samanheng. Det
som etter bedriftsøkonomisk tenking blir
for dyrt, kan bli lønnsamt i ein samfunnsøkonomisk
samanheng.
For å få fart på slike tiltak, kan ein tenkja
seg ein spesiell krise-pakke frå staten til dei
kommunane som ønskjer å gå nye vegar:
Eit tilskott må dekkja ein vesentleg del av
kostnadene med å redusera arbeidsdagen.
Vilkåret må vera at kommunen legg til rette
for at folk som har blitt arbeidslause i andre
sektorar, får høve til ny jobb. NAV har
ordningar med både tilskott til opplæring
(arbeidsmarknadsopplæring) og lønnstilskott
der det trengst for å hjelpa til med å
skaffa arbeidslause ny jobb. Slike ordningar
kan både utvidast og gjerast meir skreddarsydde,
dersom det politisk er ønskjeleg.
Samansettinga av arbeidsmarknadsopplæringa
varierer «ut i fra behov i arbeidsmarkedet
», heiter det på NAV sine heimesider.
Er det politisk vilje til det, kan ein tenkja
seg at det blir lyst ut nokre få slike krisepakkar,
og dei fem eller ti kommunane som
leverer dei beste søknadene, får vera med på
eit nyskapande forsøk. Gode røynsler ein
stad vil gi andre mot på det same.
Sekstimarsdag eller firedagarsveke?
Det siste eksemplet handlar om dei verksemdene
som på grunn av krisa vel å redusera
produksjonen i ein periode, til dømes
ved å gå ned til fire dagars veke, eller ved å
permittera ein del av arbeidsstokken.
Desse kriseløysingane kostar minst for
arbeidsgivaren, men det kostar mykje for
arbeidstakarane. Slik reglane for dagpengar
er no, må arbeidstida vera redusert med
minst 50 prosent for at du skal få dagpengar
for dei dagane du ikkje er på jobb.
Men kva må til for at ein i staden skal
nytta høvet til å prøva ut sekstimarsdagen? I
arbeidstimar er det det same som fire dagars
veke. Kven vel sekstimarsdag framfor firedagers
veke? I hovudsak har permitteringar
og oppseiingar som følgje av krisa til no
komme på mannsdominerte arbeidsplassar
der sekstimarsdagen tradisjonelt ikkje har
stått øvst på ønskelista. Dersom arbeidstida
først skal kuttast ned, er det i slike miljø tradisjon for å tenkja at lengre helg er eit
gode. Det gjeld enno meir dersom arbeidstakarane
har lange arbeidsreiser. Men det
burde ikkje hindra at nokre kan ha ei anna
fordeling av arbeidstimane.
Anten det er firedagarsveke eller sekstimarsdag,
vil arbeidsgivar i utgangspunktet
betala same timelønn som før.
Også her kan ein tenkja seg statlege krisepakkar
som oppmodar til å gå nye vegar.
Fagorganiserte har ved fleire høve stilt
krav om at dagpengereglane blir endra til
slik det var tidlegare. Da vart det utbetalt
dagpengar når arbeidstida var redusert med
minst 20 prosent. Det vil opna for sekstimarsdag
med delvis lønnskompensasjon.
Er arbeidsgivar villig til å betala mellomlegget
(den siste tredelen) mellom dagpenger
og full lønn, blir det sekstimarsdag eller
firedagarsveke med full lønnskompensasjon.
Sekstimarsdag som alternativ til kortare
veke vil uansett krevja ein aktiv innsats frå
fagrørsla.
LO stadfesta på kongressen i 2009 målsettinga
om å skaffa meir kunnskap om
og erfaring med sekstimarsdagen, og har
alt laga eit rettleiingshefte om forsøk med
sekstimarsdag (Seks timars arbeidsdag 30
timars arbeidsveke. Ei rettleiing. Oslo 2009).
Kva med ei spesialgruppe frå LO (sentralt
eller lokalt) som kan rykkja ut der
det finst vilje til å prøva sekstimarsdagen?
Spesialgruppa kan i første omgang bidra
med innspel i ein diskusjon om dagleg
arbeidstidsforkorting. Det er gjort gode
erfaringar med sekstimarsdag også på
mannsdominerte arbeidsplassar, noko mellom
andre skiferarbeidarane hos Minera på
Oppdal og Otta kan fortelja om.
Skal eit forsøk med sekstimarsdag lykkast,
må det vera noko arbeidstakarane verkeleg
har lyst til å prøva, iallfall for ein periode.
Sekstimarsdagen som eit pålegg ovanfrå
har langt mindre sjanse til å bli vellykka.
Går ein først inn for å prøva, er det viktig
å finna ut korleis arbeidstida skal plasserast
i døgnet. Er det bra å starta tidleg? Er det
nokon som treng eigne ordningar på grunn
av levering og henting av barn i barnehage?
Må det vera lik start og slutt for alle, eller er
det rom for litt fleksibilitet?
Erfaringane må samlast – og nå ut til andre
Kven skal ta ansvar for ei systematisk registrering
av erfaringane? Verksemdene kan
gjera det sjølve eller få hjelp utanfrå, til
dømes frå forskingsinstitusjonar. For fagrørsla
må det vera viktig å vera med i utforminga
av slike oppdrag.
Dess fleire vellykka forsøk, dess større
smittefare. I Trondheim parkering vart eit
vellykka forsøk med sekstimarsdag for parkeringsbetentane
avslutta i 2008. Ordninga
vart ikkje vidareført, sjølv om det ikkje
hadde kosta arbeidsgivar ei krone ekstra.
Dei tilsette var godt nøgde med sekstimarsdagen.
Tilsette i andre delar av bedrifta,
som også gjerne ville ha sekstimarsdag,
hadde forståing for at det kunne ta tid før
ein kunne gjennomføra ordninga for alle.
Kanskje var det smittefaren som gjorde at
korkje bedriftsleiinga eller styret for bedrifta
gjekk inn for å vidareføra ordninga?
Kjelder:
- Fafo-rapport 530 Sissel Trygstad, Thomas Lorentzen, Espen Løken, Leif Moland og Nina
Skalle: Den nye staten Omfang og effekter av
omstillingene i staten 1990–2004 Hovedrapport.
Oslo 2006
- Fafo-rapport 537 Sissel Trygstad og Espen
Løken: Den nye staten. Kortversjon. Oslo
2006.
- Magnhild Folkvord og Ebba Wergeland: Sekstimarsdagen – den neste store
velferdsreforma. Oslo 2008.
- LO: Seks timars arbeidsdag 30 timars
arbeidsveke. Ei rettleiing. Oslo 2009
Lag en lenke av denne siden
|