|
Artikkelen undersøker påstandane frå ulikt hald om at
nettverket for rettferdig handel (Fair Trade) gir grunnlag for
å utfordre varekarakteren til alle produkt under regimet til
den globale kapitalismen.
Gavin Fridell er universitetslektor i statsvitenskap ved Trent University.
Rettferdig kaffi (Fair Trade Coffee) er ein av
mange markedsdrivne prosjekt som har fått
aukande merksemd dei siste to tiåra fordi
sosiale aktivistar og utviklingsarbeidarar
har freista sette søkelyset på global ulikskap
på grunnlag av «politisk forbrukarmakt».
(1) Den raske salsveksten nettverka har
hatt det siste halvtanna tiåret har gitt auka
merksemd frå kommentatorar som vurderer
rettferdig handel frå ulike synsvinklar:
som ei form for «etisk forretningsdrift»,
som NGO-prissubsidiar og «sosial kapital»
for partnarar i sør, eller som eit alternativ
til nyliberal politikk.(2) Trass i breidda i
perspektiv i dei nye studiane, er dei fleste
forfattarane samde om at hovudfordelen
med rettferdig handel er at han representerer
ei markant utfordring til at alle produkt
får varekarakter under den globale kapitalismen.
Her vil eg kritisk vurdere desse
påstandane ved å undersøke rettferdig kaffi
– «flaggskip»-varen og varen med det største
salet i nettverket for rettferdig handel. Kaffi
er den nest mest verdifulle lovlege eksportvaren
frå sør, som gir levebrød for millionar
av småbrukarar, og han har ei lang historie
med røtter i kolonialisme, utbytting og
manglande sosial rettferd. Det forklarer korfor
kaffien har ein så stolt plass i nettverket
for rettferdig handel. Eg hevdar at mens
rettferdig kaffi kan gi eit grunnlag for ei
viktig symbolsk utfordring for vareøkonomien,
så blir utfordringa til sjuande og sist
skarpt avgrensa av nettverkets markedsdrivne
tilnærming. Prosjektet rettferdig handel er
grunnleggande pakka inn i konvensjonelle
normer og oppfatningar om «forbrukarmakt
» og neo-smithiansk markedsoppførsel.
Derfor har den symbolske utfordringa
rettferdig handel gir vareøkonomien i seg
sjølv blitt ein vare som kan bli kjøpt og selt
på markeda i nord. Det avdekkar krafta i
dei strukturelle krava til det globale kapitalistiske
markedet, og reiser fundamentale
spørsmål om grensene for å bruke markedsstrategiar
for å overvinne dei.
Å forstå rettferdig handel og varekarakteren
Nettverket for rettferdig handel er eit formelt
system knytt til NGO-ar som set
bønder, arbeidarar og handverkarar i sør i
kontakt med partnarar i nord gjennom eit
system av reglar og prinsipp for «rettferdig
handel». Nettverket vart først utvikla på
1940- og 1950-tallet på initiativ frå ATO-ar
(Alternative Trade Organisations – alternative
handelsorganisasjonar) som freista
gi støtte til fattige produsentar i sør ved å
skape eit alternativt handelssystem der prisane
skulle fastsettast på grunnlag av sosial
rettferd, ikkje innfalla på det internasjonale
markedet. Mange av grunnleggarorganisasjonane,
som Oxfam International, såg
nettverket som ein del av ei breiare rørsle
som arbeidde for ein ny internasjonal økonomisk
orden basert på statlege inngrep på
nasjonalt og internasjonalt nivå for å støtte
utviklingstiltak i sør. På 1980-tallet endra
nettverket seg vesentleg då rettferdig handel-
aktivistar gjekk bort frå visjonen om eit
alternativt handelssystem og i staden freista
få tilgang til vanlege marked som dei håpa
kunne reformere. (3) Denne reorienteringa
spreidde seg med framveksten av initiativ
for rettferdig handel-merking, samordna
av paraplyorganisasjonen FLO (Fairtrade
Labelling Organisations International) som
freista sertifisere vanlege selskap som var villige
til å følge FLOs kriterium for rettferdig
handel. Etter FLO-standard er rettferdige varer produserte i sør etter prinsippet om
«demokratisk organisering» (kooperativ eller
samvirkeselskap ut frå vareslag), utan barnearbeid,
og miljømessig berekraftig. Dei blir
omsett på vilkår av garanterte minsteprisar
med belønningstillegg til produksjonssamfunn
som grunnlag for å skape sosial og
økonomisk infrastruktur. (4)
Reorienteringa i nettverket som organisasjonane
for rettferdig handel-merkinga
initierte var delvis styrt av ønsket om å
utvide omfanget av markeda for rettferdig
handel som var for små til å dekke behova
til partnarane i sør. (5) Men ei like viktig
drivkraft var endra politiske, økonomiske
og ideologiske vilkår som vart introduserte
av neoliberale reformar. Dei gav nasjonal og
internasjonal kapital kraftig auka kontroll
over markedsreguleringa, og spora av krava
om ein ny økonomisk verdsorden. Ut frå
desse trendane tok folka i nettverket til seg
ein ny markedsstyrt visjon for rettferdig
handel, basert på ikkje-bindande, frivillige
lovnader frå private selskap. Resultatet er
ein finansiell suksess for nettverket for rettferdig
handel som har hatt sin største vekst
i perioden med neoliberal globalisering.
(6) Veksten har vore styrt av aukande deltaking
i nasjonale og internasjonale organ,
slik som Verdsbanken, så vel som multinasjonale
selskap (TNC-ar – Transnational
Corporations) som ser på nettverket for
rettferdig handel som eit frivillig alternativ
til statleg regulering. (7)
Den globale styringa av kaffisektoren har
i hovudsak følgt denne vegen frå statlege
reguleringar til frivillige mekanismar. Dei
fleste åra frå 1963 til 1989 var det globale
kaffimarkedet regulert av International
Coffee Agreement (ICA), som var oppretta
for å gi høgare prisar for kaffibønnene i sør
ved å halde overflødig produksjon utanfor
markedet gjennom eit kvotesystem.
Verknadene ICA fekk var blanda: mens
dei klarte å halde tilbake ein større del av
inntektene på kaffi i sør ved høgare pris, så
vart resultatet av det markant ulikt ut frå
politiske og sosiale skille i landa som var
med. Land som Costa Rica, med ein stor
middelklasse og velferdsstat, fordelte dei nye
kaffiinntektene breiare og med mykje betre
sosial verknad enn land som Guatemala og
Brasil, med svært skeiv fordeling av jord og
ressursar. (8) I alle tilfelle så kollapsa ICA
i 1989 av presset frå neoliberale reformar.
I kjølvatnet har rettferdig handel-rørsla
freista oppnå høgare og meir stabile prisar på
kaffibønner gjennom frivillig og markedsstyrt
tilnærming. Til i dag har analytikarane
bare vore i stand til å nå eit utval av kaffibøndene,
men dei seier nettverket er eit
forsøk på å føre meir avkasting i hendene
på fattige produsentar ved å auke verdien på
produkta gjennom strategiar for etisk markedsføring,
og ved å oppmuntre kooperativ
til å «utvikle seg vidare» til høgteknologiske
og meirverdiskapande delar av kaffikjeden.
(9)
Det har vakse fram kraftig diskusjon dei
siste åra om i kva grad rettferdig handel er
eit effektivt svar på bortfallet av statlege
reguleringar, vilkåra for det kan ikkje oppsummerast
her. (10) I staden vil eg fokusere
på eit nøkkelspørsmål som stadig brukast
som argument for at rettferdig handel går
vidare enn dei statlege reguleringsmekanismane
frå fortida: at nettverket ikkje bare
dreier seg om å oppnå meir rettferdige
prisar, men peikar mot ein start på å fjerne
varekarakteren til produkt (initial decommodification
of goods). Tydeleg i mest alle
nye arbeid om rettferdig handel er oppfatninga
om at rettferdig handel utfordrar at
produkt blir gjort til varer – ein prosess der
varer er utan samband til arbeidarane som
faktisk har produsert dei. (11) Dei fleste
forfattarane hevdar, på ulike måtar, at rettferdig
handel er meir enn ei utfordring for sosial ulikskap i verdshandelen, men at dei
etiske verdiane og opplæringseffekten er ei
kraftig utfordring for kjerneverdiane i den
globale kapitalismen og krava frå den om
konkurranse, akkumulasjon og profittmaksimering.
For nokre forfattarar er det slik at
mens rettferdig handels evne til å utfordre
det globale handelssystemet er avgrensa,
så ligg det største potensialet i evnen til å
skape medvit om global ulikskap hos konsumentane
i nord ved å avdekke vilkåra
varer blir produsert under i sør. (12)
Andre går lenger enn det og hevdar at
rettferdig handel utfordrar sjølve karakteren
til kapitalismens kultur, og atomiseringa,
individualismen og det anonyme varebyttet
på kapitalistiske marked. Her argumenterer
Charles Simpson og Anita Rapone for at
rettferdig handel utfordrar den kulturelle
utarminga under kapitalismen – nedbrytinga
av sosial solidaritet med materialistiske
framfor idealistiske motivasjonsmekanismar.
(13)
Laura Reynolds hevdar at nettverka for
rettferdig handel omplasserer varer sosialt,
slik at gjenstandar kjem til konsumenten
fullproppa med informasjon om dei sosiale
og miljømessige vilkåra dei vart produsert
og selt under. (14)
Laura Waridel og Francis Moore Lappé
og Anna Lappé står i sine respektive verk på
at rettferdig handel frigjør konsumentane
frå «mental kolonialisme» eller «tankefeller»
som skjuler sanninga om korleis varer blir
produserte i eit kapitalistisk system. (15)
Sjølv om dei fleste ikkje stør seg direkte
på marxistiske idear i sine analysar, argumenterer
dei i kjerna med at rettferdig
handel er ein modell som er ein start på å
motsette seg «varefetisjismen», der sosiale
relasjonar mellom folk står fram som relasjonar
mellom ting. (16) For Marx er varefetisjismen
eit nødvendig resultat av dei
sosiale relasjonane under kapitalismen. (17)
Under kapitalismen må alle markedsaktørar
(arbeidarar, småprodusentar, storkapitalistar)
selje enten arbeidet sitt eller produkta
sine som abstrakte varer på markedet i bytte
for pengar som dei så brukar som konsumentar
for å kjøpe andre abstrakte varer.
Resultatet er at folk framfor å engasjere
seg saman om produksjon og distribusjon
av produkt, engasjerer seg i markedet som
atomiserte aktørar fråtatt all infomasjon om
korleis tinga blir produserte, ut frå eigne
individuelle behov som einaste kriterium for å gjøre val. Denne prosessen er ikkje
bare resultat av sosiale relasjonar under
kapitalismen, men hjelper til med å bevare
legitimiteten til desse relasjonane ved å
tildekke den sosiale utbyttinga som skjer i
vareproduksjonen og får dei til å framstå
som «naturlege». (18)
Diane Elson, Ian Hudson og Mark
Hudson beveger seg ut over eit marxistisk
grunnsyn når dei argumenterer for at rettferdig
handel er eit forsøk på å utfordre
varefetisjismen. Elson framstiller jamvel
rettferdig handel-merking, og andre liknande
prosjekt, som nøkkelen til visjonen
hennar om eit framtidig sosialistisk samfunn
bygd på «sosialiserte marked». (19) Ut
frå deira arbeid, og arbeida til andre nemnt
ovanfor, kan ein dra ut to hovudargument.
Først at rettferdig handel avdekkar dei
sosiale og miljømessige tilhøva varer blir
produsert under, og fører produsentar og
konsumentar saman gjennom «etisk forbrukarmakt
», som utfordrar at alt blir gjort
til varer og gjør dei til gjenstandar med eit
sjølvstendig eige liv. Dernest sikrar rettferdig
handel ikkje-økonomiske verdiar som
samarbeid og solidaritet som utfordrar dei
kapitalistiske krava om konkurranse, akkumulasjon
og profittmaksimering. (20)
Å fjerne varekarakteren med «etisk forbrukarmakt»
Det blir ofte hevda at ein av hovudmåtene
rettferdig handel utfordrar at alt blir varer
er ved å bygge bru over gapet mellom produsent
og konsument, ved å avdekke forholda
produkt frå rettferdig handel blir produserte
under, og ved å fremme «etisk forbrukarmakt
». Vanlege konsumentar kjøper
varer som framstår med eit eige liv, brukar
sine eigne individuelle behov som einaste
kriterium når dei handlar på markedet. I
kontrast til det blir det hevda at konsumentar
som handlar rettferdig, gjennom etiske
markedsval basert på korleis varene blir produserte,
kjøper ikkje bare ein handelsvare,
men står i eit direkte tilhøve til produsentar
i sør gjennom eit «assosiert» nettverk basert
på felles verdiar om sosial rettferd. (21)
Etisk handel blir framstilt som meir enn
bare forbrukarmakt; som ei politisk solidaritetshandling
som bidrar til å legge press på
vanlege multinasjonale selskap om å delta i
rettferdig handel, ikkje bare ut frå moralske
krav, men ut frå ønsket om å tjene på krava
frå etiske konsumentar. (22)
På grunnlag av desse argumenta meiner
ein varekjøp på grunnlag av rettferdig
handel vil kunne føre til ein start på å
fjerne varekarakteren alt har fått, basert på
skilnaden mellom etisk og vanleg forbrukarmakt
– dei ulike motiva som ligg bak etisk
handling og den avgjørande evna til å føre
konsumentar og produsentar saman. Det er
viktig å merke seg at majoriteten av etiske
konsumentar ifølge markedsundersøkingar
er kvinner som har leiar- eller administrative
stillingar og i hovudsak kjem frå middeleller
overklasse. (23) Klassetilknyttinga til
fleirtallet av etiske konsumentar kjem mest
sannsynleg av det enkle faktum at bare dei
har inntekt nok til å betale meir for speielle
matslag som rettferdig kaffi. (24) I Canada
td brukte dei rikaste 16,2 % av kanadiske
hushaldningar 56 % meir pengar på kaffi
per person og var 46 % meir tilbøyelege til
å handle mat i spesialforretningar enn dei
fattigaste 43,2 % av kanadiske hushaldningar.
(25) Resultatet er at mens rettferdig
handel i sør er basert på klassesolidaritet
mellom fattige arbeidarar og bønder, er
rettferdig handel på verdsbasis grunnlagt på
solidaritet på tvers av klasse, mellom fattige
produsentar og rike konsumentar, for
å møte krava frå markeda i nord. Denne
solidariteten er ikkje basert på klassefellesskap
mot ein felles undertrykkar (i dette tilfellet «urettferdige» multinasjonale selskap),
men på moralske appellar frå produsentar
i sør om hjelp mot sine undertrykkarar.
Konsumentar i nord satsar ingenting direkte
om rettferdig handel har suksess eller
ikkje, anna enn sine eigne etiske motiv.
Gitt det faktum at etisk forbrukarmakt
ikkje appellerer direkte til eigennyttige
motiv, har mange kommentatorar meint at
vekstpotensialet for etiske marked er svært
avgrensa. T. d. har populærjournalisten Mark
Pendergrast hevda at mens rettferdig handel
kan appellere til nokre få «gode samaritanar»,
kan «jamvel dei til slutt skrike opp viss all
produsert kaffi skulle sikre eit skikkeleg liv
for dei som produserer avlingane». (26) I
boka No logo gir journalisten og aktivisten
Naomi Klein ei framifrå oppsummering av
korleis massive annonsekampanjar frå storselskapa
har vore i stand til å påverke konsumentane
til å betale urimelege prisar for
merkevarer – som å betale frå 100 til 180
US-dollar for eit par Nike-sko som kostar
bare 5 US-dollar å produsere. (27) Men
ho trur ikkje at etiske produkt vil ha same
potensiale, og seier at ut over å appellere til
ei relativt lita gruppe konsumentar, «vil alle
rørsler som primært er baserte på å få folk
til å føle skyld når dei går på supermarkedet
dømt til å få eit tilbakeslag». (28)
Likevel er det ingen grunn til å tru at
strategiar som har som mål å selje «etikk»
ikkje kan appellere til eit breit sjikt av konsumentar,
og oppblomstringa av tallause
sosiale og økologiske produkt og program
for «bedrifters samfunnsansvar» («corporate
social responsibility») dei siste tiåra kan vise
at det nok kan eksistere stort vekstpotensiale
for etiske marked. (29) Men nettverket
for rettferdig handel må ta denne påstanden
med to viktige åtvaringar. For det første,
om det er vekstpotensiale generelt for etiske
marked, betyr det ikkje nødvendigvis vekstpotensiale
for nettverket for rettferdig handel,
som manglar markedsføringa, annonseringa
og distribusjonsressursane som er nødvendige
for ei kraftig utviding av sin nisje i
markedet. Dei som mest sannsynleg vil dra
fordel av framtidig vekst i etiske marked
vil vere gigantiske multinasjonale selskap
som i aukande grad følger nøye med sine
eigne private «etiske» initiativ; eller andre
næringslivvennlege tredje partar som ikkje
har FLOs meir rigorøse sosiale standarder
og høgare pristillegg. (30) Det utgjør ein
kraftig trussel til framtida for sertifisert
rettferdig handel som godt kan overvinnast
av selskapsstøtta prosjekt med langt større
markedsføringsressursar.
For det andre, jamvel om nettverket for
rettferdig handel skulle vise seg betre i stand
til å stå seg mot konkurranse frå næringslivet
enn rekna med ovanfor, og om dei
held fram med å vekse på grunnlag av etisk
forbrukarmakt, står spørsmålet framleis
opent: Har slik forbrukarmakt potensiale til
å føre produsentar og konsumentar saman
på den måten rettferdig handel trur? Gir
forbrukarmakt basert på rettferdig handel
verkeleg ein alternativ veg der varer kan
byrje miste sin varekarakter? Korfor kjøper
konsumentar i nord rettferdige varer, og når
dei gjør det, kva betyr det for den typen
internasjonal solidaritet som rettferdig handel
står for? Mens rettferdig handel generelt
legg vekt på dei sidene ved rettferdig handel
som utfordrar konvensjonell forbrukarmakt,
som informasjonen om korleis varene blir
produsert, er det bare den eine sida av etisk
forbrukarmakt. Den andre sida er faktisk på
mange måtar lik konvensjonell forbrukarmakt
og reproduserer mange av dei negative
verknadene han har.
Som med konvensjonell forbrukarmakt,
blir forbrukarmakt bygd på rettferdig handel
fundamentert på oppfatninga om «forbrukarsuverenitet
». Ideen er at industrien
bare reagerer på krav frå forbrukarane, og at mangelen på sosialt og økologisk rette produksjonsmetodar,
til sist er eit resultat av
etiske avgjerder hos konsumentane som har
«forbrukarmakt». Dette synet har heilt korrekt
vore kritisert for å neglisjere det faktum
at forbrukarane ikkje har tilnærma perfekt
eller jamvel tilstrekkeleg informasjon som
dei kan bygge markedsvala sine på. (31) I
staden må dei ut i markedet under tvangen
og manipulasjonen til massive annonsekampanjar
som er utforma for å skape forbrukarbehov
– i USA aleine brukar dei store selskapa
aleine no over ein billion dollar i året
på markedsføring. (32)
Mens rettferdig handel utfordrar oppfatninga
om at forbrukarane har tilstrekkeleg
informasjon dei kan bygge markedsvala
sine på, heng dei framleis fast i trua på at
dei same forbrukarane skal ha siste ord om
korleis varer blir produsert og distribuert på
verdsbasis. Som når det gjeld konvensjonell
forbrukarmakt, godtar forbrukarmakt bygd
på rettferdig handel at behova til fattige
produsentar i sør i siste instans er underordna
krava til forbrukarane i nord. Slik
sett, når det gjeld å fremme demokrati og
sosial rettferd, er det ingen gyldig grunn
til å meine at forbrukarane skal vere «suverene
» og at personlege krav som forbrukar
skal gå foran dei personlege behova andre
har som produsentar. (33) Som Ernest
Mandel effektivt argumenterer i sin kritikk
av grensene for det kapitalistiske markedet:
kva for prinsipp for «rettferd», «demokrati»
eller «humanitet» er lagt til grunn for at
den suverene retten til å avgjøre tidsbruk og
arbeid som skal leggast i å tilfredsstille forbrukaren,
blir tatt ut av hendene på
produsentane sjølve? (34)
Vidare, ved å godta kjerneargumenta
om den suverene forbrukaren, tar rettferdig
handel for gitt det noverande svært ulike
og økologisk destruktive globale forbruksmønsteret.
I nord er forbrukarane som rettferdig handel liter på sett saman av relativt
rike forbrukarar som bygger rikdommen
sin på ei svært ulik fordeling av inntekt.
Internasjonalt avheng rettferdig handel
av eksisterande forbrukarmønster som er
karakterisert av eit «overforbruk» i nord
som truar med å utrydde naturressursar,
og som sementerer den eksisterande svært
ulike fordelinga av global rikdom. (35) Slik
søker rettferdig handel større global rettferd
på grunnlag av svært urettferdige globale
forbruksmønster. Ifølge Michael Maniates
er det stadig tilfelle med «berekraftige» utviklingsprosjekt
som alt for ofte ser bort frå
det faktum at om dei fire milliardane eller
meir som underkonsumerer skulle auke
forbruket sitt til eit minstemål av trygge
levekår, må først dei ein milliard eller meire
med globale overforbukarar stanse og så
redusere sitt totale forbruk for å gi økologisk
rom for det. (36)
Innanfor eit konvensjonelt forbruksmønster
kjøper mange etiske forbrukarar likeins
rettferdige varer av same grunn som dei
eller andre kjøper «urettferdige» varer produsert
av konvensjonelle selskap for å skaffe
seg betre samvit. Medvit om slike psykologiske
motiv er kjerna i dagens annonsekampanjar
og blir ofte framstilt av markedsføringsekspertar
frå næringslivet som å bygge
på folks påståtte «naturlege» hang til å vere
«egoistar». (37) Men det gir eit feilaktig og
overflatisk syn på menneskeleg oppførsel
og drar merksemd bort frå markedsføringsekspertane
sjølve som brukar subtile teknikkar
for å manipulere forbrukarane sine
«naturlege» behov for å auke fortjenesta til
selskapa. (38)
Å bruke den psykoanalytiske ideen om
«narsissisme» til å forklare strevet etter
sjølvrespekt gir langt større meining for
å undersøke maulege psykologiske motiv
bak forbruk bygd på rettferdig handel. I
psykoanalytisk teori er ikkje narsissisme
styrt av egoisme eller eigen-kjærleik, men av
djup angst og sjølvhat som fører til desperate
ønske om å bli verdsett av andre. (39)
Som Christopher Lasch har argumentert i
verket The Culture of Narcissism, tenderer
det kapitalistiske samfunnet til å fremme
narsissistiske impulsar ved å fremmendgjøre
arbeidarane frå det dei produserer og frå
einannan, og kvernar dei mot einannan i eit
brutalt konkurransemiljø på leit etter arbeid
og verdsetting. For å imponere dei høgare
oppe i bedriftshierarkiet, må arbeidarane
selje personlegdommen sin som om det var
ein vare på markedet, det fører til intens
angst, dei blir sjølvopptatte og narsissistiske.
På same tid blir folk frigjort frå tradisjonelle
band til familie og institusjonar (som
kjerka), slik vil mange kjenne seg isolerte og
aleine. (40)
Ifølge Lasch tilbyr kapitalismen forbruk
som kur for narssistisk angst, einsemd og
fremmendgjøring. Forbruk blir gitt både
som alternativ til protest eller opprør
(arbeidarane blir opptatt av straks å bli tilfredsstilte
ved å konsumere nye varer) og
som eit botemiddel for åndeleg misere og
manglande status. Overtydde om at dei er
for makteslause til å påverke livet på meiningsfullt
vis, vender folk seg til personlege
forbetringar og til å skape ein utvendig
identitet bygd på ting levert av annonsar
og massekultur, tema frå populære filmar
og bøker, og fragment frå eit breitt utval av
kulturelle tradisjonar. (41)
Her ser Lasch ein retrett frå politikken
og ei vending mot psykisk sjølvforbetring:
komme i kontakt med eigne kjensler, ete
sunn mat, ta kurs i ballett eller magedans,
fordjupe seg i visdommen frå aust, jogging,
lære sjå seg sjølv i samanheng med verda,
overvinne «frykta for glede». (42)
Til denne lista kunne ein kanskje legge til
rettferdige produkt. Med kjensle av maktesløyse,
og angstridde, kan etiske forbrukarar kjøpe rettferdige produkt på markedet,
både for å mildne litt på kjensla av maktesløyse
og for å skape seg ein identitet som eit
«etisk» menneske. Rettferdig handel inneber
inst inne at sosial rettferd får varekarakter
og lar konsumentane kanalisere ønska om ei
meir rettvis verd til å kjøpe varer på markedet
for å løfte sitt eige sjølvbilete. (43)
Likevel, om narsissistisk sjølvvurdering er
ein sannsynleg nøkkelfaktor for å forklare
kva som driv enkelte forbrukarar til å kjøpe
rettferdige varer, er det framleis fundamentale
skilnader mellom rettferdig handel og
andre former for «sjølvforbetrande» forbruk.
Den første krev ein viss grad av personlege
offer, sjølv om det kan vere marginalt,
for å betre liva til andre. Vidare er mange
rettferdige konsumentar utan tvil aktivistar
i ulike sosiale rørsler som ikkje ser på
rettferdig handel som tilbaketrekking frå
politikken, men som ein del av eit breiare
politisk engasjement. I ein slik samanheng
peikar Moore Lappé og Lappé på, ut frå
arbeida til Eric Fromm, at rettferdig handel
og andre alternative prosjekt representerer
forsøk frå forbrukarane på å finne seg litt
«positiv fridom» («fridom til») i ei verd der
dei er bydd lite anna enn «negativ fridom»
(«fridom frå») og overvelda av ei kjensle av
individuell maktesløyse framfor storselskap
og statsbyråkrati som dei lite kan påverke
eller kontrollere. (44)
Fromm argumenterte for at folk for å
komme frå negativ fridom til positiv fridom
må arbeide solidarisk saman for eit felles
mål. Det krev at samfunnet overvinn varefetisjismen
som får folk til å samhandle som
fremmendgjorte individ i relasjonar bygde
bare på «instrumentalitet» og individuell
vinst. I staden må markedsstyrte relasjonar
bli erstatta av demokratisk planlagte prosessar
der individa kan samhandle i solidaritet
og «dele ansvar» for samfunnsutviklinga
som eit heile. (45) Mens Moore Lappé og
Lappé ikkje hevdar at rettferdig handel
representerer slike utvida politiske prosessar
som Fromm gir resept på, så seier dei at
han gir konsumentar i nord eit viktig symbolsk
verktøy til å kunne «le av kariktaturen
» av seg sjølve som egoistiske, atomiserte
nyttejegarar. (46) I ein slik samanheng kan
rettferdig handel vere ein kanal der forbrukarane
kan lette på sosial angst ved å «gjøre
det rette», og kan tjene som ei folkeleg form
for ei «symbolsk ombytting» som for ei kort
stund lar folk uttrykke ønsket sitt om ei
annleis verd. (47)
Mens forbruk bygd på rettferdig handel
gir eit symbolsk verktøy til å kritisere konvensjonell
handel – som har potensiale til
å oppdra til og heve politisk medvit – så er
graden av faktiske vinstar for etiske forbrukarar
i form av positiv fridom og solidaritet
betydeleg avgrensa. Etiske forbrukarar vil
vere isolerte individ med fremste ansvar å
handle rettferdig (å kjøpe rettferdig kaffi).
Forbrukarane er ikkje knytt saman med
produsentane eller andre forbrukarar i ein
demokratisk prosess og innverknaden dei
har på rettferdig handel (og på dei vidare
strukturane i den globale kapitalismen)
er avgrensa til «kjøpekrafta» dei har som
isolerte individ. Kunnskapen dei har om
rettferdig handel og livet i samfunna som
produserer i sør er i hovudsak avgrensa til
kommersielle medium, og er ikkje basert
på direkte og personlege band, men blir
formidla av markedet. (48) I den samanhengen
er solidariteten bygd på individuelle
moralske appellar og ikkje på delt ansvar.
Rike etiske konsumentar deltar ikkje i ein
felles kamp saman med produsentar i sør,
og viktigare, har ikkje eit delt ansvar for
resultatet av vala dei gjør som konsumentar.
Avgjerder som er svært alvorlege for produsentane
i sør er bare eit spørsmål om individuelle
kjøpspreferansar for etiske konsumentar.
Som fremmendgjorte, isolerte individ vil etiske konsumentar halde fram med å vere
fråkopla og skjerma frå det direkte resultatet
av markedsvala sine. I den samanhengen
vil rettferdige varer halde fram med å vere
sjølvstendige varer med sitt eige liv, bortsett
frå eit symbolsk knytting til produsentane
ved eit «etisk avgift» som konsumentane
kan vere villige til å betale eller ikkje.
Likevel, mens relasjonane mellom produsentar
og konsumentar vil halde fram
med å bli formidla av markedet, har enkelte
scenario større potensiale enn andre for
utviklinga av ei fellesskapskjensle og band
gjennom etisk forbruk. Småskala ATO-ar
gir langt større høve til å bygge solidaritetsband
mellom produsentar og konsumentar
enn dei store konvensjonelle multinasjonale
selskapa som aukar dominansen sin innanfor
nettverket. Planet Bean, eit lite arbeidareigd
kooperativt kaffibrenneri i Guelph
i Ontario, Canada, kan tjene som eksempel
på korleis det er tilfelle. Planet Bean sel 100
% av kaffien sin gjennom rettferdig handel,
ser opplæring av forbrukarane om det urettvise
i det noverande globale systemet som
ei sentral oppgave, og som eit lite ATO, syt
dei for vilkår der konsumentane kan utvikle
personlege band til medlemmene i kooperativet
som i sin tur har direkte kontaktar
til partnarane i sør. For å fremme læringa,
har medlemmer av Planet Bean halde
offentlege foredrag og har vore vertskap for
partnarar frå sør som har besøkt lokalsamfunn
i Canada. Ifølge Bill Barrett, direktør
og markedssjef på Planet Bean, har desse
tiltaka potensiale til å heve medvitet om liva
til produsentane i sør. Det kan ein sjå av ein
visitt nyleg frå partnarar i sør til eit supermarked
i Toronto som sel Planet Bean-kaffi.
Styraren i butikken sa etter å ha møtt kaffibøndene
at det var einaste og første gongen
han hadde møtt nokon av dei som produserte
varene som blir selde i butikken hans.
(49) Denne historia syner potensialet som
Planet Bean har til å korte ned «avstanden»
mellom produsent og konsument, som i
konvensjonell internasjonal handel stadig
fører til stopp i tilbakemeldingar og ansvar
for dei sosiale verknadene av markedsavgjerder.
(50)
I skarp kontrast til Planet Bean står store
konvensjonelle multinasjonale selskap som
Starbucks Coffee Company, ein enorm
hierarisk organisasjon med tusenvis for det
meste lågtlønna, uorganiserte, fremmendgjorte
arbeidarar. Framfor å vere engasjerte
i det moralske oppdraget til rettferdig handel
byrja Starbucks tilby begrensa kvanta
rettferdig kaffi i butikkane sine i 2000 etter
intenst press frå sosiale aktivistar. Dei sel
bare ein eller to % bønner som er sertifiserte
som rettferdig handel. Starbucks vil
først og fremst unngå dårleg publisitet og
har brukt mykje meir merksemd på å fremme
bedriftsvennlege alternativ til rettferdig
handel, som Conservation International
(CI)-sertifisert skyggedyrka kaffi (51)
(«Shade grown»-kaffi har tradisjonelt vore
dyrka under høgare tre og vekster; det skal
gi seinare vekst og høgare kvalitet. Men frå
1970-tallet har dyrkinga skjedd på rydda
område, noko som mellom anna truar regnskogen.
Oversetters anm.) Samanlikna med
FLO-standardar, har CI-standardar lågare
standard på sosiale avgifter, og arbeidsvilkår
som er meir ulne og mindre strenge. (52)
Vidare kan ein i høg grad stille spørsmål
ved CIs lovnader som etisk partnar. Mellom
anna har dei vore skulda for å grønnvaske
biletet av sponsorane sine, og agere som
«det vennlege fjeset til biokolonialismen»
ved aktiv støtte til dei store farmasøytiske
selskapa, ved å samle kunnskapen urfolk
har om plantar og insekter for å ta patent
på dei. (53)
Trass i at dei freister dekke seg bak sosialt
ansvar, kastar Starbucks historie i nord
lange skyggar over deira etiske på-standar. Selskapet har slåst aggressivt mot fagorganisering
blant dei tilsette i tjenestesektoren – ein
rett som er garantert dei sertifiserte i rettferdig
handel i sør. I julestria får selskapet
pakka varene sine av Signature Packaging
Solution, eit selskap som tilsett lågtlønna
innsette frå fengsla i staten Washington.
(54) Det betyr at rettferdig kaffi hos
Starbucks kan vere pakka av fengselsarbeidskraft
og selt av lågtlønna uorganisert
arbeidskraft, noko som verkeleg utfordrar
ideen om at kaffien skal vere «rettferdig».
Vidare – når ein handlar rettferdig kaffi hos
Starbucks, blir det handla frå fremmendgjorte
arbeidarar, hovuddelen av dei har
ingen knyttingar til produsentane i sør. Slik
er etiske konsumentar i kjerna like fråkopla
dei faktiske produsentane og dei verkelege
liva deira (både i sør og nord) som dei er
når dei handlar vanlege varer på markedet
i nord. (55) Slik sett kan neppe rettferdig
handel på Starbucks minske avstanden
mellom produsent og konsument og på
meiningsfullt vis utfordre at alt blir varer.
Den veksande deltakinga til multinasjonale
selskap betyr heller ei undergraving av
nettverkets evne til å utfordre at alt får varekarakter.
Til sjuande og sist må ein ta oppfatninga
om at rettferdig handel knytter internasjonale
solidaritetsband mellom produsentar
og konsumentar med ei klype salt. Ønska
folk har om positiv fridom, solidaritet og
deltaking er nødvendige for utløyse forbrukarkrav,
men evnen rettferdig handel har
til å møte desse ønska er avgrensa: positiv
fridom er avgrensa til å kjøpe etiske varer;
solidaritet er basert på moralske appellar i
motsetning til allmenne prinsipp; og band
mellom konsumentar og og produsentar er
formidla av markedet, som skjermar konsumentane
frå ansvaret for handlingane sine.
Verkeleg brot med varefetisjismen medfører
ikkje bare informasjon om korleis varene blir gjort tilgjengelege for konsumentane,
men det krev produksjon på ein demokratisk
og medviten regulert måte der både
produsentane og konsumentane er involverte,
og er ansvarlege for vala dei gjør. (56)
Samarbeid og solidaritet
Det blir hevda at nettverket for rettferdig
handel ikkje bare lager bru over gapet mellom
konsumentar og produsentar, men at
dei ikkje-økonomiske verdiane som samarbeid
og solidaritet er ei utfordring til konkurransekrava,
akkumulasjonen og profittmaksimeringa
i det kapitalistiske markedet.
Sant nok er det mange prov på at rettferdig
handel, som alle demokratiske kooperative
prosjekt, utfordrar dei kapitalistiske prinsippa.
Ein del av profitten som tilkjem kooperativ
i rettferdig handel blir brukt til å skape
nødvendig sosial infrastruktur på lokalnivå
framfor å bli reinvestert til meir kapitalakkumulasjon
eller fordelt til private lommer.
Produsentar og importørar i rettferdig
handel samarbeider for å oppnå mest mauleg
rettferdig handelssamband, og store produsentkooperativ
gir innimellom hjelp til
andre mindre kooperativ i nettverket. (57)
Desse handlingane kan ein best tolke som
starten på ein internasjonal etisk økonomi,
som freistar gjennomføre retten folk har til
å ta erstatte kapitalismens konkurranseverdiar
og utarma etiske prinsipp. (58)
Etikken i økonomien til rettferdig
handel har gitt viktige utviklingsfordelar
til spesifikke grupper i sør. Dei har fått
tilgang til markedet til rettferdig handel.
I kaffisektoren var det td 670.000 familiar
med kaffibønder i registeret til FLO
i 2003, av totalt 25 millionar på verdsbasis.
Utviklingspotensialet til nettverket
er mest tydeleg i tilfellet med Unión de
Comunidades Indígenas del Región del
Istmo (Sambandet for urfolksamfunn i
Isthmus-regionen, UCIRI), eit rettferdig
handel-kooperattiv i Oaxaca, Mexico. Dei
har over 2.500 familiar som medlemmer.
UCIRI har spelt ei nøkkelrolle i å skape
rettferdig handel-merket, og er oppfatta
som eit av dei mest framgangsrike kooperativa
i verda. Ved å delta i nettverket har
medlemmene skaffa seg høgare inntekt
og betydeleg betre sosialvesen ved kooperative
tiltak innanfor helse, utdanning og
opplæring. UCIRI har au laga sin eigen
økonomiske infrastruktur, som omfattar
kaffibrenneri og transportopplegg. Dei har
gitt medlemmene sine betre tilgang til kreditt,
teknologi og markedskunnskap. Det
har gjort medlemmene betre i stand til å stå
mot ekstrem fattigdom, feilernæring og miljøproblem,
og evnen til å overleve og tevle
på det internasjonale markedet. (59)
I tillegg har UCIRI-medlemmene utvikla
viktige solidaritetsband med partnarar
i nord, og dei har fått sterkare kollektiv
identitet på grunn av dei organisatoriske
og administrative krava ved å drive kooperativ
knytt til rettferdig handel. Det har
styrka evna deira til å støtte initiativ lokalt
og lobbyverksemd mot regjeringa for å
forsvare interessene sine saman med andre
landbruksprodusentar i Mexico. Gjennom
åra har UCIRI spelt ei nøkkelrolle i å skape
eit utall lokale og regionale organisasjonar,
medrekna rettferdig handel og økologiske
sertifiseringsgrupper og organisasjonar med
breiare formål, som stør småprodusentar
generelt. (60)
Mens samarbeids- og solidaritetsverdiane
i nettverket for rettferdig handel har gitt
viktige framsteg for partnarane i sør, er
det til sjuande og sist ikkje slik at konkurranse
og utbytting under kapitalismen er
eit resultat av manglande etikk. Det er eit
resultat av strukturelle krav i det kapitalistiske
markedet som tvingar alle produsentane
til å konkurrere, akkumulere og maksimere profitt for å vere konkurransedyktige
og overleve. Dei fleste i nettverket
for rettferdig handel har likevel ein tendens
til å tone ned desse krava og fokusere på
markedet som ein stad der dei som er villige
og i stand til det har sjansar. Dei framstiller
kapitalismen mindre som eit særleg sett av
sosiale relasjonar enn ei spesifikk haldning
til kommersiell byttehandel. (61) Ein ser
ikkje på utbytting som eit resultat av det
kapitalistiske markedet, men som ei forvrenging
av markedet pga handlingane til
«skruppellause» markedsaktørar. (62) For
dei fleste i nettverket for rettferdig handel
er målet å rette på desse forvrengingane ved
å fremme meir etiske handelsverdiar som
dei håper vil gi alle, rik som fattig, høve til
å hauste i markedet. Denne moralske innfallsvinkelen
risikerer å oversjå tyngda i strukturelle
krav. Ifølge aktivisten og teoretikaren
David McNally, som freistar kjempe mot
utbyttinga under den globale kapitalismen:
Sant nok er moralsk harme nødvendig og
høgverdig. Men eit reint moralsk svar ser bort
frå det faktum at kapitalismen krev at dei store
aktørane er utbyttande og destruktive. Verken
moralpreikar eller opplysning vil endre oppførselen
til kapitalistane, ettersom dei bare kan
overleve som kapitalistar om dei oppfører seg
som dei gjør. Om dei ikkje utbyttar dei fattige,
stjel land og ressursar, gjør alt til varer, og er
økologisk destruktive, kan dei ikkje halde fram
i den kapitalistiske konkurransekrigen. Krava
om kostnadsminimering og profittmaksimering
tvingar kapitalistane til å handle slik. (63)
Når rettferdig handel ser bort frå strukturelle
krav kjem det av deira «neo-smithianske»
oppfatning av kapitalismen, felles for dei
fleste utviklingsmiljø, som historiske materialistar
lenge har kritisert for å legge vekt
på markedsendingar framfor dei sosiale
produksjonstilhøva som ligg til grunn for
markedsrelasjonane under kapitalismen.
(64) Dei fleste i rettferdig handel og analytikarar
av rettferdig handel har fokusert på
markedet som den primære kamparenaen,
men har neglisjert krava frå det kapitalistiske
markedet som stammar frå dei historisk spesifikke
sosiale relasjonane som ligg til grunn
for det. Ifølge den marxistiske teoretikaren
Ellen Meiksins Wood, involverer det spesifikke
følgande:
for det første, at det materielle livet og den
sosiale reproduksjonen under kapitalismen
allmennt sett er formidla av markedet, slik at
alle individ på ein eller annan måte må inn i
markedsrelasjonar for å få tilgang til levelege
vilkår; og for det andre at diktatet frå det kapitalistiske
markedet – krava om konkurranse,
akkumulasjon, profittmaksimering, og auka
arbeidsproduktivitet – regulerer ikkje bare alle
økonomiske transaksjonar men sosiale forhold
generelt. På same vis som forhold mellom
menneska blir formidla av varebyttet, framstår
sosiale forhold mellom menneska som forhold
mellom ting, «varefetisjismen», med det
berømte uttrykket til Marx. (65)
Karakterdraga til det kapitalistiske markedet slik Wood framstiller dei er kjerna i utbyttinga
som det kapitalistiske systemet skaper. Alle
markedsaktørar – arbeidarar, småbrukarar,
eller store multinasjonale selskap – må
konkurrere i eit vinn-eller-forsvinn-miljø
der dei kontinuerleg må utbytte einannan
(slik multinasjonale selskap tvingar ned lønningane)
eller seg sjølve (som småbrukarar
som sel avlingane sine nær svelteprisar) for
å kunne konkurrere og overleve. Mens det
etiske strevet til rettferdig handel har kunna
mildne litt av dei verste verknadene av desse
krava, har ikkje rettferdig handel vore i
stand til å sleppe unna makta til det kapitalistiske
markedet som har tvunge på dei
strenge grenser for utviklingsprosjekta.
Tyngda av strukturelle krav på rettferdig
handel er tydeleg i UCIRI. Trass i framgangar
har det vist seg tydelege grenser.
Eit teikn på desse grensene er fattigdomen
og den utilstrekkelege inntekta som framleis
eksisterer blant UCIRI-medlemmene.
Årsaka er prisen i rettferdig handel, som
sjølv om han er høgare vanlege prisar, ikkje
kan bli så høg at han skremmer bort «etiske
konsumentar». (66) Slik er prisen på rettferdig
kaffi, framfor å bli fastsett primært
av sosial rettferd og behova til produsentane
i sør, bestemt som ein pris som er
«(så) rettferdig (som mauleg)» ut frå krava
i markedet. (67) Resultatet er ifølge ein
UCIRI-rapport at mens høgare inntekt pga
rettferdig handel har fjerna ekstremt elende
blant medlemmene, «kan ein ikkje seie at
desse inntektene er i stand til å sikre familiane
til produsentane». (68) I 2002 tvinga
det rundt eit hundre og femti medlemmer
til å forlate gardane på leit etter midlertidig
arbeid i byane, ein vanleg overlevingsstrategi
i fattige landområde i regionen. (69)
Eit anna teikn på grensene for UCIRIprosjektet
er fiaskoen med klesfabrikken
som skulle gi alternative inntekter for medlemmene
ved sida av kaffiproduksjonen.
Fabrikken vart opna i 1997 og så lagt ned i
2004 pga forsyningsproblem, dei høge kostnadene
med «rettferdige» sosiale ordningar
til tilsette, og brutal konkurranse frå låglønnsfabrikkar
i Kina som har ramma klesindustrien
på verdsbasis. Det viser vanskane
med å spreie UCIRIs prinsipp for rettferdig
handel utanfor det etablerte nettverket for
rettferdig handel. (70)
Til sist er grensene for UCIRI-prosjektet
tydelege i i det aukande behovet dei har for
å gi store konsesjonar til selskapspartnarar
for å utvide markedstilgangen for medlemmene
sine. Det viktigaste eksemplet kom
i 2002 då UCIRI underteikna ein avtale
med Carrefour, den nest største matkjeda
i verda, for å selje eit uspesifisert kvantum
kaffi til rettferdige prisar, men utan sertifisering
frå FLO. Denne handlinga, driven
fram av markedskrav, dannar presedens for
nettverket som truar med at selskapa skal
opne døra enno meir for eigne alternativ til
rettferdig handel. Representantar for FLO
har kritisert avtalen for at han kompromitterer
integriteten til den uavhengige sertifiseringa
som er nøkkelen som skal trygge at
standarden til rettferdig handel blir handtert
kontrollerbart og opent. (71)
Ei langt viktigare vurdering av rettferdig
handel er ikkje grensene for UCIRI-modellen,
som trass i feil har gitt viktige utviklingsfordelar
for medlemmene, men at det er
usannsynleg at fordelane kan kopierast i
større skala. På grunn av si spesielle historie som ein av grunnleggarane av rettferdig
handel-merkinga har UCIRI vore ein særleg
vellykka organisasjon i nettverket for rettferdig
handel, som har vore i stand til å selje
nær 100 % av kaffibønnene sine i nettverket.
Slik har det ikkje vore for majoriteten
av partnarane i rettferdig kaffi, som i snitt
bare kan selje rundt 20 % av bønnene sine
her. Grunnen er grensene for markedet for
rettferdig kaffi som sjølv om det har vakse
markant det siste halvtanna tiåret, aldri har
vore i stand til å dekke behova til partnarane
i sør. (72) Vidare, mens vekstraten i
relativt nye marked som USA og Canada
har vore høg dei siste åra, så har salstalla for
rettferdig kaffi i etablerte marked stagnert.
Det tyder på at nettverket vil møte eit tak i
opparbeidde marked. I viktige konsumentland
for rettferdig kaffi stagnerte kaffisalet
frå 1999 til 2001 i Nederland, og sank med
2 % i både Tyskland og Sveits. (73)
Når markedet for rettferdig kaffi viser
avgrensa vekstpotensiale, trur enkelte kommentatorar
og folk i rettferdig handel at
konkurranse mellom kooperativa er aukande
og truar med å undergrave solidariteten og
samarbeidet i nettverket. Det blir stadig
vanskelegare for nye og mindre utvikla
kooperativ å få ein del av markedet, og
ekstremt vanskeleg for nye grupper å plass
i registeret til FLO. Dess meir, donorar og
långivarar tenderer å favorisere veletablerte
kooperativ som er tydeleg til stades i marked
for rettferdig handel og økologiske
varer. Det gir ytterlegare fordelar til grupper
som alt gjør det etter måten bra. (74)
Under slike tilhøve er det dei sterkaste og
mest veletablerte kooperativa, som UCIRI,
som får størst fordelar av rettferdig handel,
mens svakare grupper i aukande grad
blir pressa ut. Td tok det FLO-sertifiserte
Tzotzilotic Tzobolotic Coffee-kooperativet
i Chiapas, Mexico åtte år å finne kjøpar til
den første sendinga med rettferdig kaffi i
2001. (75) I eit anna tilfelle vart Unión de
La Selva-kooperativet i Chiapas desertifisert
i 2000 etter seks år i FLO-systemet. Dei
klarte ikkje oppfylle ein kontrakt. I ein
kommentar hevdar La Selva-rådgivaren José
E. Juárez Valera:
Den noverande strukturen i rettferdig handelsystemet
er avhengig av eliten og politiske toppar
(caciques) blant produsentane ... Eg meiner
rettferdig handel skulle fremme ikkje bare deltaking
frå veletablerte kooperativ men au dei
mindre heldigstilte og priviligerte. (76)
Gitt dei sannsynlege grensene for stadig
ekspansjon i salet av rettferdig kaffi på
lengre sikt, er det mauleg at press i markedet
vil føre til aukande konkurranse blant
kooperativ i nettverket for rettferdig handel
som slik vil freiste utvide sin markedsdel,
og blant usertifiserte kooperativ som vil inn
i markedet. Slik set globale markedskrav
endelege grenser for utviklinga av samarbeids-
og solidaritetsverdiane til nettverket
for rettferdig handel.
Konklusjon: Grensene for markedsstyrt sosial rettferd
Mens solidaritetsbanda rettferdig handel har
skapt mellom nord og sør i sanning er positive
og representerer ei utfordring for prinsippa
for markedsbytte under den globale
kapitalismen, er utfordringa strengt avgrensa
av eksisterande kapitalistiske forhold med
omsyn til eigedom og arbeid, og av den
markedsstyrte tilnærminga nettverket for
rettferdig handel står for. Rettferdig handel
har i kjerna freista fjerne varekarakteren til
produkt gjennom den same mekanismen
som gjorde dei til varer i første omgang
– det kapitalistiske markedet. Dei har
freista det ved å fremme ei anna haldning
til markedsbytte, mens dei har neglisjert at
det ikkje er ei haldning men eit spesifikt
sett av sosiale produksjonsforhold som fører til krava frå det kapitalistiske markedet.
Det var av den grunn Marx hevda at den
einaste måten ein kunne fjerne at arbeid og
produkt blir varer, var ved å utfordre dei
sosiale forholda som opna vegen for dei.
Det kunne ein gjøre, hevda han, gjennom
utviklinga av en sammenslutning av frie
mennesker. De arbeider med felles produksjonsmidler
og forbruker sine mange
individuelle arbeidskrefter bevisst, som en
samfunnsmessig arbeidskraft. (77)
Ifølge McNally uttrykker påstanden til
Marx tri hovudprinsipp: arbeidarane sitt
sjølvstyre og kontroll over produksjonsprosessen;
samfunnsmessig eige og kollektiv
fordeling av ressursane; og sosial samordning
av det økonomiske livet i ein demokratisk
og deltakande prosess. (78) Mens
Marx såg føre seg ei breiare omdanning enn
dei meir smålåtne måla til rettferdig handel,
er det nyttig å tenke over desse forholda
når det gjeld nettverkets strev for å utfordre
at alt blir gjort til varer. Nettverket er eit
forsøk på å utvikle ein modell som fører oss
i retning dei to første prinsippa, men med
viktige motsetningar. Sjølvstyre for arbeidarar
eksisterer i kooperativa i sør, og offentleg
eige og regulering av felles eigedom finst
au, jamvel om småprodusentane ofte individuelt
er sjølveigarar. Men i nord finst ikkje
noko av slike prinsipp, lisensiatar i nord
kan vere alt frå små ATO-ar til gigantiske
multinasjonale selskap, der dei siste blir stadig
meir dominerande i nettverket.
Viktigast for å vurdere korleis nettverket
er i stand til å fjerne varekarakteren alt får
er det tredje prinsippet, den sosiale samordninga
av det økonomiske livet. I denne
samanhengen kjem det markedsstyrte
nettverksprosjektet tydeleg til kort når
det gjeld å knytte den deltakande arbeidskrafta
«bevisst, som en samfunnsmessig
arbeidskraft». Med rettferdig handel held
markedet fram med å vere den endelege
samordnaren av det økonomiske livet, og
rettferdig handel-standard for produsentane
i sør er til sjuande og sist fullstendig
avhengig av avgjerdene til konsumentar i
nord som framleis er atomiserte og individuelle
konsumentar direkte upåverka av
dei sosiale resultata av markedsoppførselen
sin. Så sjølv om varer blir utveksla mellom
produsentar i sør og konsumentar i nord, er
ikkje dei berørte partane engasjert i bevisste,
demokratiske, deltakande prosessar
der alle – som medlemmar av eit samfunn
– er likeverdig ansvarlege for og berørte av
vedtak som regulerer produksjon og konsumpsjon.
Mens individuelle konsumentar i
nord kan ha ei kjensle av moralsk ansvar for
produsentar i sør, er det framleis markedet
som avgjør kven som vinn eller forsvinn i
nettverket for rettferdig handel.
Her kom ICA med eit meir handfast
grunnlag å bygge ei langsiktig utfordring
til varekarakteren, sjølv om det offisielt
ikkje var eit mål med avtalen. ICA sette
fram ideen om at prisane internasjonalt
og ei meir rettferdig fordeling av global
rikdom skulle vere ei statleg oppgave og
gjennomførast overalt for å sikre litt rettferd
for alle produsentar og konsumentar.
Trass i manglar i praksis, gav det grunnlag
for ein byrjande diskusjon om korleis ein
genuin modell for ein demokratisk, deltakande
prosess for å regulere produksjon og
konsumpsjon skulle sjå ut på internasjonalt
nivå. Det betyr ikkje at ICA faktisk står for
ein slik modell. Men det peika på retninga
bort frå markedet og mot tanken om meir
bevisste og universelt regulerte politiske
prosessar. I kontrast til det peikar nettverket
for rettferdig handel i ei anna retning, mot
ein modell som er frivillig, medlemsspesifikk
og avhengig av uføreseielege innfall i
det internasjonale markedet.
Mens rettferdig handel til sjuande og
sist faktisk representerer ei viktig symbolsk utfordring til prinsippa for markedsbytte
under kapitalismen, er det usannsynleg at
rettferdig handel kan fungere som grunnlag
for å sjå for seg eit prosjekt som går frå
det symbolske til ei langsiktig utfordring
til kjerna i at alt blir omgjort til varer. Det
er slik både på grunn av den mektige og
vedvarande nedbrytinga frå dei strukturelle
krava i det internasjonale markedet, og pga
nettverkets eigen markedsstyrte tilnærming,
grunnfesta i konvensjonelle normar og oppfatningar
om forbrukaren først og neo-smithiansk
oppførsel i markedet. For å selje si
symbolske utfordring til at alt blir varer, har
rettferdig handel måtta pakke utfordringa
si som vare på same vis som konvensjonelle
varer og som føremål for liknande krav.
Mens rettferdige varer formelt avdekkar
dei sosiale og miljømessige vilkåra varene
blir produsert under, så er konsumentar i
nord framleis fremmendgjorte individ som
er fråkopla produsentane og som ikkje står
til ansvar for dei vedtaka dei gjør i markedet.
Mens rettferdig handel faktisk sikrar
ikkje-økonomiske verdiar som samarbeid og
solidaritet, så vil til slutt kapitalistiske krav
om konkurranse, akkumulasjon og profittmaksimering
ikkje vere eit spørsmål om å
velje, men dei er naudsynte for alle selskap
som vil overleve i det globale kapitalistiske
markedet. For å gå ut over den symbolske
utfordringa frå nettverket til verkeleg å
sprenge varefetisjismen vil det i siste instans
kreve eit prosjekt retta ikkje bare mot uetisk
oppførsel i markedet, men mot dei sosiale
forholda som ligg til grunn for det.
(Artikkelen sto i Historical Materialism
nummer 4/2007. Artikkelen trykkes med tillatelse
fra forfatteren, og er oversatt av Gunnar
Danielsen. Red.)
Notar:
1. Eg vil takke Social Science and Humanities Research Council of Canada (SSHR C) for å ha finansiert forskinga, så vel som to anonyme lesarar og redaksjonen i Historical Materialism for nyttige forslag. Særleg takk til Gregory Albo, Donald Carveth, David Friesen, Mark Gabbert, Samuel Knafo, Martijn Konings, Liisa North, Viviana Patroni, og framfor alt Kate Ervine, for kritiske råd, oppmuntring og vennskap.
2. O m rettferdig handel som «etisk forretning», sjå Blowfield 1999 ; om prissubsidiar sjå LeClair 2002; om «sosial kapital» sjå Simpson og Rapone 2000; om alternativ til nyliberalismen sjå Waridel 2002. For å lese meir om «politisk forbrukarmakt», sjå Bernstein og Campling 2006b; Guthman 2002; og Micheletti 2004.
3. Fridell 2004 og 2007.
4. FLO 2003.
5. Bolscher, intervju 2002; Renard 1999 ; Simpson og Rapone 2000; Waridel 2002, pp. 93-6.
6. Salet av FLO -serifiserte varer voks med trettifem prosent frå 1997 til 2000. Totalt detaljsal av FLO - sertifiserte varer i 2000 var verd over 196 millionar US-dollar, der meir enn 49 millionar US-dollar gjekk direkte til produsentane, rundt førti prosent meir enn det som ville vore tilfelle med konvensjonelle prisar. FLO 2001.
7. Fridell 2004 og 2007.
8. Meir om ICA sjå Talbot 2004 og Fridell 2007. Ein gjennomgang av nøkkeldiskusjonar om «varestudiar» generelt hos Bernstein og Campling 2006a og 2006b.
9. Guthman 2002; Raynolds 2002a; Renard 2005; Taylor 2005.
10. For meir om andre spørsmål og debattar om rettferdig handel, sjå Fridell 2006 og 2007.
11. Sjå Elson 2002; Hudson og Hudson 2003.
12. Bird og Hughes 1997 ; Blowfield 1999 ; Fisher 2004; LeClair 2002; Simpson og Rapone 2000.
13. Simpson og Rapone 2000, s 55 .
14. Raynolds 2002a, s 415. Sjå au Jaffee, Kloppenburg og Monroy 2004, s 170.
15. Moore Lappé og Lappé 2002, pp 27-31; Waridel 2002, s 23.
16. Guthman (2002) peikar på at den implisitte kritikken av at alt blir gjort til varer under kapitalismen er vanleg i dei fleste individuelle varestudiane (commodity studies).
17. Marx 1983, pp 85-100. (pp 319-29.)
18. Bernstein og Campling 2006b, pp 423-6; Elson 1998; Guthman 2002; Hudson og Hudson 2003; Marx 1983, pp 85-100 (pp 319-29); McNally 199 3, pp 199 -200 og 214-17.
19. Elson 1988 og 2002.
20. Elson 1988 og 2002; Fisher 2004; Moore Lappé
og Lappé 2002, pp 199 -203, 293-6; Raynolds
2002a, pp 415-20; Simpson og Rapone 2000, pp
47 -55 ; Waridel 2002, pp 24-7, 100-13.
21. Elson 2002.
22. Waridel 2002, pp 106-9.
23. Bird og Hughes 1997 . Kvinnelege kjøparar er
meir opne for å handle etisk pga sosialt skapte
kjønnsskille mellom maskuline og feminine roller.
Den «sosiale kvinna» er meir på linje med etisk
forbruk enn den «økonomiske mannen» (Gidengil
1995 ). På ein seminardiskusjon kommenterte
Mary Frey (direktør/CEO i Ten Thousand Villages i
Canada) det faktum at nær åtti prosent av kundane
til TTV var kvinner og at rettferdig handel i nord
på mange måtar derfor var ei «kvinnerørsle» (Frey
2004). Ei analyse av kjønn og politisk forbrukarmakt
finn du hos Micheletti 2004.
24. Som ein lesar korrekt peikar på, betyr det
at mens forbrukarar frå arbeidarklassen ikkje
prosentvis kjøper mest rettferdig kaffi, så brukar
desse forbrukarane ein mykje større del av inntekta
si i namnet til solidariteten.
25. Statistics Canada 2003.
26. Pendergast 199 , p 395 .
27. Klein 2000, p 372.
28. Klein 2000, p 429.
29. Bird og Hughes 1997 , p 160; Blowfield 1999 , pp
76 0-1; Seligman 2002.
30. Fridell 2007; Giovannucci 2003, pp 21-2, 55 -9;
Renard 2005, pp 426-30.
31. Dawson 2003; Princen, Maniates og Conca 2002.
32. Dawson 2003.
33. Hudson og Hudson 2003, s 426.
34. Mandel 1986, s 22. Mandels artikkel var ein kritikk
av oppfatninga til Alex Nove om «gjennomførbar
sosialisme» og var ein del av ein interessant debatt
om utsiktene for sosialistisk planlegging som starta
i New Left Review på 1980-tallet. Sjå Auerbach,
Desai og Shamsavar 1988; Elson 1988, og 2002;
Mandel 1986 og 1988; McNally 199 3, pp 214-17;
Murray 1987; Nove 1987 og 1991.
35. D awson 2003; Hudson og Hudson 2003, s 426;
Princen, Maniates og Conca 2002.
36. Maniates 2002, s 206.
37. Sjå td Seligman 2002.
38. Dawson 2003, pp 132-54 .
39. Lasch 1979 , pp 72-5.
40. Lasch 1979 .
41. Lasch 1979 , s 166 .
42. Lasch 1979 , s 29.
43. Bernstein og Campling 2006b, pp 423-34;
Guthman 2002.
44 . Moore Lappé og Lappé 2002, pp. 27–31 og
291–3.
45 . Fromm 194 1, pp 32-78, 119, og 273.
46 . Moore Lappé og Lappé 2002, pp 291–3.
47 . Featherstone 199 0, pp 14-15; Guthman 2002,
s 305. Sjå ein kritikk av bidrag frå kulturforskarar
omkring varestudiar hos Bernstein og Campling
2006b.
48. Lyon 2003.
49 . Barrett, intervju 2004; Fridell 2007.
50. Princen 2002.
51. Fridell 2004 og 2007; Rogers 2004.
52. Fridell 2007. Ifølge Starbucks fekk gardbrukarane
i CI-programmet i 2001 betalt ein premie på
seksti prosent over «lokale prisar». (Starbucks
2004.) Mens det er uklart kva det betyr, er det
sannsynlegvis godt under 1 US-dollar per pund
då verdsprisen for kaffislag dyrka i Brasil låg
mellom 0,60 US-dollar og 0,40 det året (UNCTAD
2004). Det er vesentleg lågare enn minsteprisen i
nettverket til rettferdig handel på 1,26 US-dollar per
pund.
53. Choudry 2003.
54 . Barnett 2002; Fridell 2007.
55 . Princen 2002, s 116.
56 . Bernstein og Campling 2006b, pp 423-34.
57 . Simpson og Rapone 2000, s 53; Taylor 2002, s 7.
58. Fridell 2007; Simpson og Rapone 2000.
59 . Fridell 2007; Simpson og Rapone 2000;
VanderHoff Boersma, intervju 2002, og 2002.
60. Fridell 2007; Taylor 2002; VanderHoff Boersma
2002.
61. McNally 199 3 og 2002; Wood 1999 .
62. FLO 2001, s 2.
63. McNally 2002, s 86.
64 . Brenner 197 og 1985; Brewer 1990; Kay 1975 ;
Leys 1996 ; McNally 199 3 og 2002; Wood 199 .
65 . Wood 199 , pp 6-7.
66 . Blowfield 1999 ; LeClair 2002.
67 . Renard 199 , s 496 .
68. VanderHoff Boersma 2002, s 20.
69 . VanderHoff Boersma, intervju 2002.
70. Fridell 2007; samtale med Roy, 2004.
71. Fridell 2007; VanderHoff Boersma, intervju 2002.
72. R aynolds 2002b, s 11; Renard 1999 , s 498.
73. EFTA 2001, pp 33-6; FLO 2001; Giovannuci 2003.
74 . Raynolds, Murray og Taylor 2004; Taylor 2002, pp
7, 25-6.
75 . Martinez 2002.
76 . Sitert frå Gonzalez Cabanas 2002, s 32.
77 . Marx 1983, p 94 . (197 8, p 326.)
78. McNally 2002, pp 233-4.
Referansar:
-
Auerbach, Paul, Meghnad Desai og Ali Shamsavari 1988, ‘The
Transition from Actually Existing Capitalism’, New Left Review, I,
170: 61–78.
-
Barnett, Erica C. 2002, ‘Prison Coffee’, Organic Consumers
Association, 27. desember - 2. januar.
-Barrett,
Bill 2004, telefonintervju med forfattaren, Guelph, Ontario.
-
Bernstein, Henry og Liam Campling 2006a, ‘Commodity Studies and
Commodity Fetishism I: Trading Down’, Journal of Agrarian Change,
6, 2: 239–64. - 2006b, ‘Commodity Studies and Commodity Fetishism
II: “Profits with Principles”?’, Journal of Agrarian Change, 6,
3: 414–47.
-
Bird, Kate og David R. Hughes 1997, ‘Ethical Consumerism: The Case
of “Fairly-Traded” Coffee’, Business Ethics: A European Review,
6, 3: 159–67.
-
Blowfield, Mick 1999, ‘Ethical Trade: A Review of Developments and
Issues’, Third World Quarterly, 20, 4: 753–70.
-
Bolscher, Hans 2002, intervju med forfattaren, Utrecht.
-
Brenner, Robert 1977, ‘The Origins of Capitalist Development: A
Critique of Neo-Smithian Marxism’, New Left Review, I, 104: 25–93.
-
1985, ‘The Social Basis of Economic Development’ i Analytical
Marxism, redigert av J. Roemer, Cambridge: Cambridge University
Press.
-
Brewer, Anthony 1990, Marxist Theories of Imperialism: A Critical
Survey, andre utgave, London: Routledge.
-
Choudry, Aziz 2003, ‘Beware the Wolf at the Door’, Seedling
(GRAIN), October.
-
Dawson, Michael 2003, The Consumer Trap: Big Business Marketing in
American Life, Urbana: University of Illinois Press.
-
EFTA 2001, EFTA Yearbook: Challenges of Fair Trade 2001–2003,
Maastricht: European Fair Trade Association (EFTA).
-
Elson, Diane 1988, ‘Market Socialism or Socialization of the
Market?’ New Left Review, I, 172: 1–44.
-
2002, ‘Socializing Markets, Not Market Socialism’ i Socialist
Register 2002: Necessary and Unnecessary Utopias, redigert av Leo
Panitch og Colin Leys, Black Point: Fernwood Books.
-
Featherstone, Mike 1990, ‘Perspectives on Consumer Culture’,
Sociology, 24, 1: 5–22.
-
Fisher, Carolyn 2004, ‘Report from the Field: Fair Trade and the
Idea of the Market’, North American Dialogue, 7, 2: 15–18.
-
FLO 2001, Report 2000–2001: Developing Fairtrade’s Labelling,
Bonn: Fairtrade Labelling Organisations International (FLO).
-2003,
Fairtrade Standards in General, Bonn: Fairtrade Labelling
Organisations International (FLO).
-
Frey, Marv 2004, ‘Presentation on Ten Thousand Villages’, i Fair
Trade Workshop For Academic and Fair Trade/No Sweat Practitioners.
Toronto: York University.
-
Fridell, Gavin 2004, ‘The Fair Trade Network in Historical
Perspective’, Canadian Journal of Development Studies, 25, 3:
411–28.
-
2006, ‘Fair Trade and Neoliberalism: Assessing Emerging
Perspectives,’ Latin American Perspectives, 33, 6: 8–28.
-
2007, Fair Trade Coffee: The Prospects and Pitfalls of Market-Driven
Social Justice, Toronto: University of Toronto Press.
-
Fromm, Erich: Flukten fra friheten, Pax, 1965.
-
Gidengil,
Elisabeth 1995, ‘Economic Man - Social Woman? The Case of the
Gender Gap in Support for the Canada-United States Free Trade
Agreement’, Comparative Political Studies, 28, 3: 384–408.
-
Giovannucci, Daniele 2003, The State of Sustainable Coffee: A Study
of Twelve Major Markets, International Coffee
Organisation/International Institute for Sustainable
Development/United Nations Conference on Trade and Development/World
Bank.
-
Gonzalez Cabanas, Alma Amalia 2002, Evaluation of the Current and
Potential Poverty Alleviation Benefits of Participation in the Fair
Trade Market: The Case of Unión La Selva, Chiapas, Mexico,
-
San Cristóbal de las Casas, Chiapas: Union of Societies of La
Selva/Federation of Social Solidarity Societies.
-
Guthman, Julie 2002, ‘Commodified Meanings, Meaningful Commodities:
Re-Thinking Production-Consumption Links through the Organic System
of Provision’, Sociologia Ruralis, 42, 4: 295–311.
-
Hudson, Ian and Mark Hudson 2003, ‘Removing the Veil?: Commodity
Fetishism, Fair Trade, and the Environment’, Organisation &
Environment, 16, 10: 413–30.
-
Jaffee, Daniel, Jack R. Kloppenburg, Jr. og Mario B. Monroy 2004,
‘Bringing the “Moral Charge” Home: Fair Trade within the North
and within the South’, Rural Sociology, 69, 2: 169–96.
-
Kay, Geoffrey 1975, Development and Underdevelopment: A Marxist
Analysis, New York: St. Martin’s Press.
-
Klein, Naomi 2000, No Logo: Taking Aim at the Brand Bullies, Toronto:
Vintage Canada.
-
Lasch, Christopher 1979, The Culture of Narcissism: American Life in
an Age of Diminishing Expectations, New York: W.W. Norton &
Company
-
LeClair, Mark S. 2002, ‘Fighting the Tide: Alternative Trade
Organizations in the Era of Global Free Trade’, World Development,
30, 6: 949–58.
-
Leys, Colin 1996, The Rise and Fall of Development Theory,
Bloomington: Indiana University Press.
-
Lyon, Sarah 2003, ‘Fantasies of Social Justice and Equality: Market
Relations and the Future of Fair Trade’, på 2003-møtet
til Latin American Studies Association (LASA), Dallas, Texas.
-
Mandel, Ernest 1986, ‘In Defense of Socialist Planning’, New Left
Review, I, 159: 5–37.
-1988,
‘The Myth of Market Socialism’, New Left Review, I, 169: 108–20.
-
Maniates, Michael 2002, ‘In Search of Consumptive Resistance: The
Voluntary Simplicity Movement’, i Confronting Consumption, redigert
av Thomas Princen, Michael Maniates og Ken Conca, Boston: MIT Press.
-
Martinez, Maria Elena 2002, Poverty Alleviation through Participation
in Fair Trade Coffee Networks: The Case of the Tzotzilotic Tzobolotic
Coffee Coop, Chiapas, Mexico, New York: Fair Trade Research
Group/Colorado State University/Ford Foundation
-
Marx, Karl, Kapitalen, første bok, del 1, Oktober 1983 (1978
(1867), Capital, Volume One, i The Marx-Engels Reader, redigert av
Robert C. Tucker, New York: W.W. Norton & Company.)
-
McNally, David 1993, Against the Market: Political Economy, Market
Socialism and the Marxist Critique, London: Verso.
-
2002, Another World Is Possible: Globalization and Anti-Capitalism,
Winnipeg: Arbeiter Ring Publishing.
-
Micheletti, Michele 2004, ‘Why More Women? Issues of Gender and
Political Consumerism’ in Politics, Products, and Markets:
Exploring Ethical Consumerism Past and Present, redigert av Michele
Micheletti, Andreas Follesdal og Dietlind Stolle, New Brunswick:
Transaction Publishers.
-
Moore Lappé, Frances og Anna Lappé 2002, Hope’s Edge:
The Next Diet for a Small Planet, New York: Jeremy P. Tarcher/Putnam.
-
Murray, Robin 1987, ‘Ownership, Control and the Market’, New Left
Review, I, 164: 87–112.
-
Nove, Alec 1987, ‘Markets and Socialism’, New Left Review, I,
161: 98–104.
-
1991, The Economics of Feasible Socialism: Revisited. 2. utgave,
London: Unwin Hyman.
-
Pendergrast, Mark 1999, Uncommon Grounds: The History of Coffee and
How It Transformed Our World, New York: Basic Books.
-
Princen, Thomas 2002, ‘Distancing: Consumption and the Severing of
Feedback’, i Confronting Consumption, redigert av Thomas Princen,
Michael Maniates og Ken Conca, Boston: MIT Press.
-
Princen, Thomas, Michael Maniates og Ken Conca (red.) 2002,
Confronting Consumption, Boston: MIT Press.
-
Raynolds, Laura T. 2002a, ‘Consumer/Producer Links in Fair Trade
Coffee Networks’, Sociologia Ruralis, 42, 4: 404–24.
-
2002b, Poverty Alleviation through Participation in Fair Trade Coffee
Networks: Existing Research and Critical Issues, New York: Fair Trade
Research Group/Colorado State University/Ford Foundation.
-
Raynolds, Laura T., Douglas Murray og Peter Leigh Taylor 2004, ‘Fair
Trade Coffee: Building Producer Capacity Via Global Networks’,
Journal of International Development, 16: 1109–21.
-
Renard, Marie-Christine 1999, ‘The Interstices of Globalisation:
The Example of Fair Coffee’, Sociologia Ruralis, 39, 4: 484–500.
-
2005, ‘Quality Certification, Regulation and Power in Fair Trade’,
Journal of Rural Studies, 21: 419–31.
-
Rogers, Tim 2004, ‘Small Coffee Brewers Try to Redefine Fair
Trade’, The Christian Science Monitor, 13 April.
-
Samtale med Roy, Normand 2004, Oaxaca, Mexico.
-
Seligman, Paul 2002, ‘Protestors Can Tell You the Next Consumer
Trend’, Marketing, 11. juli.
-
Simpson, Charles R. og Anita Rapone 2000, ‘Community Development
from the Ground Up: Social-Justice Coffee’, Human Ecology Review,
7, 1: 46–57.
-
Starbucks 2004, Corporate Social Responsibility. Lest 12. mars 2004.
Tilgjengeleg frå http://www.starbucks.com/aboutus/csr.asp.
-
Statistics Canada 2003, Food Expenditure in Canada 2001, Ottawa:
Minister of Industry.
-
Talbot, John M. 2004, Grounds for Agreement: The Political Economy of
the Coffee Commodity Chain, Oxford: Rowman & Littlefield.
-
Taylor, Peter Leigh 2002, Poverty Alleviation through Participation
in Fair Trade Coffee Networks: Synthesis of Case Study Research
Question Findings, New York: Fair Trade Research Group/Colorado State
University/Ford Foundation.
-
2005, ‘In the Market but Not of It: Fair Trade Coffee and Forest
Stewardship Council Certification as Market-Based Social Change’,
World Development, 33: 129–47.
-
UNCTAD 2004, Unctad Handbook of Statistics on-Line: United Nations
Conference on Trade and Development (UNCTAD).
-
VanderHoff Boersma, Francisco 2002, intervju med forfattaren, San
José el Paraíso, Oaxaca, Mexico.
-
2002, Poverty Alleviation through Participation in Fair Trade Coffee
Networks: The Case of Uciri, Oaxaca, Mexico, New York: Fair Trade
Research Group/Colorado State University/Ford Foundation.
-
Waridel, Laure 2002, Coffee with Pleasure: Just Java and World Trade,
Montreal: Black Rose Books.
- Wood, Ellen Meiksins 1999, The Origin
of Capitalism, New York: Monthly Review Press.
Lag en lenke av denne siden
|