|
"Om
ein forstår framandgjering som broten kommunikasjon mellom enkeltledd
og heilskap, eller som avmakt overfor krefter ein ikkje forstår, så har
kvinnene vore framandgjorde lenge, og i ein helt annan grad enn menn,"
skriv Eldrid Lunden i hovedfagsavhandlinga si frå 1972: Kvar gjekk Nora? Individualisme og kvinnesyn i tre norske drama. Vi gjengir her metodekapitelet i avhandlinga.
Eldrid Lunden er lyriker.
I 1996 ble hun Norges første professor i skrivekunst. Hun var med på å starte og har vært studieleder ved Forfatterstudiet i Bø ved Høgskolen i Telemark siden 1982. Lunden var redaksjonsmedlem i tidsskriftet Profil i 1967-68.
Teksten trykkes med tillatelse fra forfatteren, og står i Kvifor måtte Nora gå? Nye essays og andre tekstar, Aschehoug 2004
Metodisk bakgrunn. Ei skisse
1. Tingleggjering
Omgrepa
framandgjering og tingleggjering grip inn i kvarandre. Framandgjering
er eit omgrep som vert nytta til å karakterisere medvitsutvikling under
kapitalismen generelt, og i historisk samanheng blir det gjerne først
knytt til Rousseau sitt namn. Tingleggjering, derimot, er eit omgrep
Lukács nyttar om framandgjeringsprosessar under seinkapitalismen, når
han analyserer tingverdas innverknad på mennesket og på medmenneskelege
relasjonar.
Årsakene til framandgjering / tingleggjering
meinte Lukács var å finne i marknadssystemet og den utforming dette har
fått i den vestlege verda, særleg under framveksten av
industrikapitalismen. Menneskja har etter kvart blitt i stand til å
skape ei komplisert verd; samstundes opplever dei ofte denne verda som
noe upersonleg, som noe som eksisterer ubunde av menneskeleg aktivitet.
Det enkelte individ har kome i den situasjonen at det forstår lite
eller ingenting av dei marknadsprosessane som arbeidet deira er ledd i.
Sjølve arbeidsprosessen har også blitt uoversiktleg sidan arbeidet
gjerne består av gjentaking av deloperasjonar. Dette kan medføre
kommunikasjonsvanskar, ikkje berre mellom individ og samfunn, men òg
menneskja imellom. Om folk kjenner seg isolerte, vert dei òg
likegyldige til andre menneske. Sosial samhandling kan bli avløyst av
forhandlingsrelasjonar der deltakarane opplever både seg sjølv og andre
som brikker i eit spel, eller som varer i bytehandel. Livsverda til
enkeltindividet blir dermed merkt av to tilsynelatande motsette
tendensar i samfunnsutviklinga. På den eine sida ei "blind" binding til
samfunnsmekanismane, på den andre sida til fragmentert forståing og
isolering.
Om ein ser framandgjering som eit
teikn på at mennesket kjenner seg avmektig overfor ein totalitet, er
likevel dette ikkje noko særleg kjenneteikn for tilhøve under
kapitalismen. Som t.d. Joachim Israel (1)
har understreka, kan framandgjering generelt hevdast å vere ein
nødvendig føresetnad for overskriding og utvikling. Det som Marx peika
på, var at framandgjeringa under kapitalismen var av eit spesielt slag,
dvs. at den var vanskeleg å gjennomskue på grunn av arbeidsdelinga i
industrisamfunnet.
2. Tingleggjort medvit
Ein
kan snakke om fleire typar reifikasjonsprosessar*. Ein kan snakke om
sosiale prosessar og ein kan tale om kognitive prosessar. I ein
sosiologisk samanheng kan ein analysere økonomiske og sosiale forhold
som påverkar individet, og vidare tilhøvet mellom individ og samfunn. I
ein psykologisk samanheng kan ein freiste å analysere individets
relasjonar til ting og menneske, og endeleg kan ein analysere
individets sjølforståing i eit samfunn som er merka av
framandgjeringsprosessar. Det er dei to siste områda som det knyter seg
sterkast interesse til i dette arbeidet.
Rousseau er rekna
for å vere den første framandgjeringsfilosofen i nyare tid. Han
kritiserte det framveksande industrisamfunnet, og han rådde mennesket
til å bryte med den moderne sivilisasjonen og vende attende til eit
ekte og sedeleg liv i naturen. Dette at mennesket er eigentleg godt, er
ein gamal tanke. Det nye hos Rousseau er at han ser ut til å ønskje og
tru at mennesket kan velje uskuld, dermed har han blitt eit slag
katalysator for det ein kan kalle det "moderne" problematiske
sjølmedvitet. Rousseau meinte at sanninga helst var å finne i det
umiddelbare, i kjenslene, og at ein ved å setje si lit til kjenslene
kunne oppnå kontakt med ei tapt uskuld, med det reine. Men som Hans
Skjervheim har peika på:
"Ikkje
den tapte naiviteten kjem attende, i staden vert han grunnleggjaren av
noko heilt nytt i europeisk kultur: den moderne sentimentaliteten.
Dette
er ikkje tilfeldig. Det umiddelbare forstår seg ikkje sjølv som
umiddelbart, nettopp difor er det umiddelbart. Rousseau si dyrking av
det umiddelbare er ikkje sjølv umiddelbar, kan ikkje vera det, fordi
det umiddelbare ikkje kan dyrka seg sjølv utan å oppheva seg sjølv
(...)" (2)
Dualismen
hos Rousseau ser ut til å eksistere både på eit ytre og eit indre plan.
Han oppfattar det eigentleg menneskelege som frittståande i forhold til
samfunnet, og han viser også menneskets tilskodarhaldning til seg sjølv
(og det Skjervheim kallar for middelbar umiddelbarheit). Trua på det
subjektive og spontane som sete for sanning, samtidig som ein har
objektiv tilskodarstatus i høve til seg sjølv, er to sider av same sak.
Det er dualisme av dette slaget som seinare kom til å særmerkje
positivismen og naturalismen. Ei slik splitta individ-samfunn
forståing, og overføring av objektive naturvitskaplege metodar til
studiet av mennesket, vil marxismen hevde er tingleggjort forståing.
Det er nær samanheng mellom det å oppfatte samfunnet som noko
eigenmektig og ugjennomtrengeleg, dvs. som naturprosess, og det å
freiste å kartlegge dei objektive lovene samfunnet utviklar seg etter.
Og det å måtte tilby sin eigen person som objekt på ein marknad, og det
å måtte splitte livet sitt opp i ein privat og ein offentleg sektor,
kan føre til at ein ser seg sjølv som både eit kalkulerande "eigentleg"
menneske, og eit "for andre-menneske". (3)
Den
marxistiske kritikken av samfunnsvitskapane inneber først og fremst ei
påminning om det normative elementet i vitskapen. Om ein ynskjer å
forstå samfunnet eller mennesket på "sine eigne" premissar, kan ein
komme til å gi objektiv status til forhold som er maktbestemt og som
ikkje let seg halde fast i objektive kategoriar. Vitskapen kjem dermed
til å fungere tilslørande og konserverande. Dette gjeld ikkje minst
psykologien. På same måte som ein kan sjå samfunnsprosessar som
autonome og sjølforklåra, kan ein sjå avvikande og patologisk framferd,
ikkje i sosialiseringssamanheng, men som individuelt og isolert. Det
Yngvar Løchen har kalla "det diagnostiske samfunn", "låser" eigenskapar
fast i individet, og dermed individet til den situasjonen det er i. Noe
som for eksempel hindrar meiningsfull terapi og dekker over samfunnets
ansvar for taparar.
3. Psykologismen
Den borgarlege samfunnsvitskapen, eller "sosiologismen", er iflg. Joachim Israel døme på ein tingleggjort tenkemåte. (4)
Men han meiner også at den psykologiske motpolen ikkje nødvendigvis
treng vere det. Psykologisme kan like godt vere døme på
anti-reifiserande tenkemåtar, meinar han. For eksempel om ein hevdar at
alle menneskelege handlingar er resultat av indre årsaker, eller om ein
seier at all sosial aktivitet til sjuande og sist kan førast tilbake
til mekanismar i den menneskelege psyke, eller natur. Då vil ein i
tilfelle determinere mennesket til sin indre natur, sjølv om desse også
er merkt av sosiale variablar.
Eg er ikkje sikker på om eg
forstår kvifor Israel ser det som eksempel på anti-reifiserande
tenkemåtar, eller kvifor han ser denne typen psykologisme som mindre
tingleggjort enn til dømes behaviorismen. Det viktige må jo vere at ein
i begge tilfelle ser individuell utvikling som uavhengig av samfunnet?
Meir meiningsfullt er det når han deler opp psykologismen i to
retningar, nærmare bestemt i det han kallar individualpsykologisme og
sosialpsykologisme. Dette er tenkemåtar som vil vere rikeleg
representert også i litteraturgranskinga. Medan individualpsykologisme
vil særkjenne konservative forskarar, vil sosialpsykologismen gjere seg
sterkast gjeldande hos dei radikale. Sosialpsykologismen er til dømes
ein naturleg del av den historisk-biografiske metoden, og den kan kort
karakteriserast som ei blanding av sosial avtrykksteori og abstrakt
idealisme. I praksis kan dette gjerne innebere at ein tolkar, for
eksempel ein romanperson, som "produkt" av miljøet så langt som ein
maktar. Når dette naturleg nok ikkje strekk riktig til, løyser ein det
gjenståande problemet ved å plassere det "djupt" i individet. Og så har
ein truleg granska seg fram til det allmennmenneskelege. Her må eg
straks legge til at det ikkje er meint som kritikk av metoden at den
"granskar seg fram til det allmennmenneskelege". Eller at ein ikkje har
funne ut kva dette eventuelt er. Ein dialektisk kritikk vil heller gå
ut på at ein her har med ein metode å gjere som skil empiri (skinn) og
djup sanning (vesen) frå kvarandre, og at ein såleis overser det
prosessuelle ved den menneskelege røynda.
All menneskeleg
"fremtredelse" inneber ein vesentlig anonym faktor. Men det tyder ikkje
at det individuelle er "hinsides" empiri eller skinn. Tvert imot. Det
anonyme verkeleggjer seg sjølv i det ytre som stadig er i forandring.
Det sant menneskelege er korkje berre anonymt eller "reint" empirisk.
Det er i det ytre, i "skinnet" og syner seg for oss som samanheng, som
prosess.
4. Individets splitta sjølforståing. Eit identitetsproblem
Eg
skal nå kort freiste å samanfatte ein identitetsproblematikk som
Marx-inspirerte psykologar i dag meiner har nær samanheng med
utviklinga i våre dagar (samfunnet i den monopolkapitalistiske fasen).
Dessverre finst det ingen samanhengande framstillingar å referere til,
men dei fragmenta som er å få tak i synest å ha relevans, ikkje berre
for ein analyse av dei aktuelle teaterstykka i dette arbeidet, men også
for litterær kritikk generelt. (5)
Spørsmålet eg vil ta opp omfattar det ein kan kalle fragmentert
røyndomsoppleving og vidare utvikling av ein personlegdomstype som til
dømes Witold Gombrowicz ville kalle for "spelaren". (6)
For enkeltindividet fører ei subjektiv og objektivert sjølforståing til
det Skjervheim har kalla eit problematisk sjølmedvit. Vidare finn vi
her ei årsak til det som populært vert kalla sosialt rollespel, eller
presentasjon av falsk identitet. Sagt på ein enklare måte. Ei splitta
sjølforståing vil kunne gjenkjennast i diagnoser av typen: "eg oppfører
meg dumt, men er klokare enn som så", eller i moralsk opprusting av
typen: "det er det indre som tel" (eventuelt: "det gjeld å halde
fasaden") og til suksessformlar av typen: "Det er deg sjølv det kjem an
på."
Nå vil det vere dei som hevdar at inn til eit visst
punkt i utviklinga av liberalismen og kapitalismen, så kunne self
made-formlane fungere positivt. Individualismen er på ein måte veleigna
som oppkomling- og outsiderfilosofi, og under kapitalismens
glansperiode (ca dei første hundre åra etter den franske revolusjonen)
kunne tenkemåten medføre både auka sjølmedvit og betre levestandard for
nær sagt alle i samfunnet. Men etter kvart som marknadskreftene
akselerte og samfunnets ressursar kom på stadig færre hender, vart
fleire og fleire avskorne frå å føle seg vellukka self made.
Individualismen kom dermed ikkje berre til å fungere ideologisk, den
kunne også få eit destruktivt innhald. Denne destruktiviteten vil kunne
gjere seg gjeldande på fleire plan. Generelt fungerer den som ein
splitt- og herskteknikk medan enkeltmennesket kan oppleve den som eit
"indre" krav om sjølrealisering som automatisk må føre til tap.
Menneskja i eit slikt samfunn kan komme til å oppleve livet som ein
einaste lang degraderingsprosess fordi det dei opplever som ikkje berre
ideelle, men også som rettmessige forventningar, må bli skuffa.
I
ei "knapp" verd inneber individualistens kamp for sjølrealisering ein
einaste stor kamp mot alle. Ein vellykka individualist kan svært ofte
vere det same som ein vellykka imperialist, eller parasitt. I denne
individualistiske skrua kjem det enkelte mennesket under dobbel eld.
Det opplever eit indre moralsk krav om sjølrealisering - men dette
kravet kan ikkje realiserast utan at det går ut over nokon. Og det er
uheroisk å ikkje vere self made, eller sjøltilstrekkeleg, og det er
umoralsk å bruke andre menneske som middel for seg sjølv. Dermed er
grunnen lagd for det som Skjervheim kallar Machiavellismen, men som
også kan kallast psykopatstrukturen i eit samfunn. (7)
I
ein kamp som er trellens kamp mot trellen, og der det er like umoralsk
å vise korleis ein vinn som å tape, må det nødvendigvis utviklast eit
tosidig forhold: Løyning og manipulering. Om individualisten oppnår
"opphøgde" posisjonar, må han løyne korleis han står, fordi han trakkar
på andre. Eit anna og kanskje viktigare moment er at same kor mykje
individualisten er one up til omgjevnadene, så får han problem med å
feste lit til posisjonen sin. Noe som kan føre til at han trekker seg
tilbake frå sosial samhandling eller at han privatiserer deler av sin
person for å verne seg. Paradoksalt nok vil dette føre til at nettopp
individualiseringsprosessen blir stansa. Isolert blir ingen nokon ting.
Isolasjon kan medføre at medmenneskelege relasjonar vert avstumpa.
Kjensla
av tap heng altså nøye saman med den splitta sjølforståinga.
Individualismen er for den enkelte ein prosess, ikkje ein tilstand. Og
sidan individualisten ser seg sjølv som noe genuint eksisterande i
tydinga fråskild frå omverda, vil han komme i ein paradoksal situasjon.
Han meiner det står han fritt å identifisere seg med handlingane sine
om han ønskjer det. Han trur også at det eit menneske skjuler ikkje
viser. Han kan privatisere seg. Han kan ha maske.
Men individet er ikkje autonomt. Eller relasjonslaust. Då ville det i
tilfelle vere tomt. Individet er avhengig av ei omverd for å bestemme
seg sjølv som forskjelleg frå omverda. (8)
Samtidig som individualisten må avskjere seg frå omverda for å kjenne
seg sjøltilstrekkeleg, må han fylle seg med den same verda for å
oppleve seg som verkeleg. Og dette dreiar seg då om ein "evig" tømme-
og fylleprosess som gjer at individualisten aldri kan kjenne seg heilt
mett, eller vellykka, eller stor nok. Livet kan bli ei vedvarande
identitetskrise. Livskjensla til individualisten er ikkje først og
fremst basert på å oppnå det eller det objektet, den eller den
standard. Den er basert på ei kjensle av å vere tømt, samtidig som ein
er undervegs for å få påfyll av det eigentlege livet. Livet som alltid
er i morgon. Og dette er ein prosess som vert forstått som evolusjon
sjølv om den berre fører til innkjøp av plenklippar nr. tre, eller til
god bok nr. ti tusen.
Den "løynde" livsmåten inneber altså
ein strategisk kampposisjon. I trellens kamp mot trellen kjennest det
overmåte viktig å frålure andre deira innerste sanningar og dermed
finne ut korleis dei vil handle. Dvs finne ut kor dyktige imperialistar
dei er. Og denne kampmåten meistrar sjølsagt noen betre enn andre. Dei
som er heilt lure kan til og med oppdage at det løner seg å vere open -
for det er det ingen som trur på likevel. Men sjølv om ein er aldri så
gåverik i dette spelet, er korta i vårt samfunn utdelt på ein slik måte
at kampen blir totalt perspektivlaus. Den kan for dei aller fleste
berre føre til kortsiktige fordelar. Dette er slik fordi indre
motivering aldri let seg avsløre og halde fast. Motivasjonen er i
rørsle, og særleg hos menneske som opplever seg jaga eller som sjølv
jagar. Dessutan er spelereglane "frie", dvs anarkistiske og vilkårlege.
Ein vellukka spelar må ikkje berre ha ei anarkistisk innstiling, han må
vere impulsiv og subjektiv. Han er bunden til å meistre situasjonen her
og nå for ikkje å bli vippa ut av spelet.
Spelaren
kan derfor heller aldri bli noen god planleggjar i kritisk,
overskridande forstand. Fordi subjektiv manipulering er både grunnlaget
for, og fylgjene av, ein monopolitær maktstruktur i vårt samfunn, finn
vi her ein viktig grunn til eit veksande abstrakt byråkrati, og til
personleg demoralisering hos makthavarane. (9)
Vidare finn ein truleg òg ei forklaring på den fragmenterte
opplevingsverda til den "dårlege" spelaren, eller taparen, i dagens
samfunn. (10)
5. Kvinneknekten og tingleggjeringa
Om
ein forstår framandgjering som broten kommunikasjon mellom enkeltledd
og heilskap, eller som avmakt overfor krefter ein ikkje forstår, så har
kvinnene vore framandgjorde lenge, og i ein helt annan grad enn menn.
Kvinna har vore mannens slave. Vidare har den verdien som knyter seg
til henne, vore marknadsført på to ulike måtar, og som to ulike varer.
Kvinna har vore billeg arbeidskraft samstundes som ho har hatt ein
abstrakt verdi som ein godt kan kalle byteverdi.
Den
abstrakte byteverdien er skapt av mannssamfunnets avsky for sin eigen
træl, og er så godt som alltid den umodne mannens umodne ideal. Geir
Brevik i Dag Solstads roman Irr Grønt! skildrar ei moderne utgåve av idealet slik:
"Frivillig
underkastet hun seg mannen og hans bilde av kvinnen i skjønnhet og
plikt. Hun utførte sin plikt, hun oppførte seg nøyaktig som andre
sekretærer i sekretærverdenen, viste de same interesser, viste de same
fremtidsplaner, gikk på den same måten, kledde seg etter det sammen
mønster, vinket farvel på den samme måten, hilste, lo og snakket (...)
Dette var hennes verden og hennes verden pekte mot bildet av Kvinnen." (11)
"Bildet
av Kvinnen", det abstrakte kvinneidealet har alltid vore, og blir
framleis, ført til torgs i smidige kategoriar av moralsk eller estetisk
art. Forestillingane om das ewig Weibliche har alltid skift med
marknadstilhøva ellers. I industrisamfunnet, og særleg i nyare tid, har
det abstrakte idealet tilsynelatande blitt meir konkret, det er henta
ned på jorda og blir presentert i utgåver som gjer at kvinner flest,
ikkje berre overklassens kvinner, skal kunne strekke seg etter det. Men
dette inneber knapt noe anna enn at idealet er blitt tingleggjort.
I
dag eksisterer kategorien "kvinneverdi" på marknaden som to
konkurrerande varer. Dette inneber eit urimeleg press på kvinner flest
fordi dei abstrakte ideala blir framstilt som oppnåeleg viss ein berre
er dyktig nok. Kvinneknekten, ute av stand til å gjennomskue samfunnets
fridomsdrepande fridomsproduksjon, vil ofte kjempe ein desperat kamp
for å fylle det merkantiliserte idealet. Sidan den abstrakte verdien
"kvinne" tilsynelatande eksisterer på to plan samtidig, er store
vanskar skapt for den enkelte til å sjå og gjere noe med sin
knektestatus. Kvinnene blir tvinga til å resignere. I staden for å
analysere heilskapen, forklarar ein sine eventuelle nederlag med
faktorar som: feil mann, feil hus, feil arbeid osv. Sist, men ikkje
minst: den doble marknadsføringa inneheld ein uhyre effektiv kontroll
mot opprør. Eksempel: Om ein arbeidar streikar ulovleg, risikerer han
jobben. Streikar ei kvinne, kan ein lett ta frå henne det som ho
opplever som sitt menneskeverd. Hennar identitet som kvinne.
Denne
kampen for identitet, for å bli verdifull, har ei mindre vulgær,
verdikonservativ parallell i kvinner som vel å trekke seg tilbake for å
verkeleggjere sitt innerste sanne eg. Dyrke og foredle subjektive
tildriv i retning ekte morsrolle, eller ein eller annan verdifull
kulturell aktivitet. Slik unngår ein å støyte saman med ei degraderande
røynd, og dette er sjølsagt løysingar som er reservert dei øvre
samfunnslaga. Det skal posisjon, pengar og "forståing" til viss eit
verdifullt sjølbilde skal overvintre i ei kvinne i dag.
Å
vilje kartlegge kvinners ufridom i eit generelt ufritt samfunn, kan
fortone seg som komplisert. Kvinners veg til større fridom er, om ikkje
lenger, så i alle langt meir flokete enn mennenes. Dette skuldast mange
ting, men også det faktum at føydale undertrykkingsmekanismar har
overlevd under kapitalismen. Ein viktig grunn til at kvinner finn seg i
lågare løn enn menn er utvilsomt at dei oppfattar seg sjølv som eigentleg
verdifulle. Framandgjeringa i slike oppfatningar er openberr, men det
er mogelegvis for enkelt å slutte frå haldningar som dette at kvinna er
meir framandgjort enn mannen i alle samanhengar. Kvinna er for eksempel
i ein viss forstand verna for mye av den korrupsjon ein finn i deler av
mannsverda.
I det føregåande har eg freista skissere noen
grunndrag ved individualismen, og eg har peika på samfunnsmessige
konsekvensar som særleg dei moderne samfunnsvitskapane meiner hefter
ved ein individualistisk tenkemåte. Dei tre forfattarane som dette
arbeidet vidare skal dreie seg om (Henrik Ibsen, Gunnar Heiberg og
Helge Krogh, red.), er alle individualistar, og det har sjølsagt aldri
vore nødvendig å vere marxist for å sjå det. Frå min synsstad er det
temmeleg likegyldig å peike på at dramatikken til Ibsen, Heiberg og
Krog er prega av ein individualistisk tenkemåte. Den kan truleg ikkje
unngå å vere det. Men det konkrete innhaldet i denne individualismen er
ikkje like sjølsagt. Dei enkelte verkanalysene tek derfor sikte på
klårlegge nærmare korleis desse forfattarane ser og tolkar menneskeverd
ut frå si særeigne tilknyting til individualismen.
Notar
1) Joachim Israel: Fremmedgørelse fra Marx til moderne sociologi, København 1969, side 31 [Attende]
2) Hans Skjervheim: Vitskapen om mennesket og den filosofiske refleksjon, Oslo 1964, side 23 [Attende]
3) Erving Goffmann: The Presentation of Self in Everyday Life, Anchor, N.Y. 1959, kap. VI [Attende]
4) Israel, op.cit, side 309 [Attende]
5) Svein Haugsgjerd: Nytt perspektiv på psykiatrien, Pax, 1970 [Attende]
6) Witold Gombrowicz: "Intervju med meg selv", Vinduet nr 3, 1968 [Attende]
7) Skjervheim, op.cit, side 77 [Attende]
8) Karl Marx: Samfunn og frihet. Essays. Red. Jon Elster, Pax 1965, side 97 [Attende]
9) Georg Lukács: Kunst og kapitalisme. Essays. Red. Bente Hansen, Gyldendal, København 1971, side 73-92 [Attende]
10) James M. Glass: "Schizophrenia and Perception. A Critique of the Liberal Theory of Externality". Inquiry 1-2 [Attende]
11) Dag Solstad: Irr Grønt!, Aschehoug 1969, side 80-81 [Attende]
* Reifikasjon betyr tingleggjering. [Attende]
Lag en lenke av denne siden
|