|
Buru-kvartetten består av bøkene Menneskenes jord, Et barn av alle nasjoner, Fotspor og Glasshus.
I følgje bokomslaget blei bøkene til mens forfattaren sat i fangenskap
i perioden 1969-79 under president Suharto i Indonesia.

Pramoedya Ananta Toer: Buru-kvartetten
Pax 2003 og 2004
Bøkene
blei fortalt munnleg til medfangar og skrivne ned da han slepte ut.
Bøkene blei forbodne i Indonesia kort tid etter utgjevinga, fordi dei
skal ha spreidd marxistisk tenking.
Buru-kvartetten er fire
bøker om romantikk, nasjonalisme, imperialisme og organisering i
perioden før og etter 1900. Hovudpersonen i dei tre første bøkene er
Raden Mas Minke, ein javanesisk ung mann av adelsslekt. Karakteren
Minke er basert på ein historisk person. I Menneskenes jord
går Minke på nederlandsk skule saman med nederlendarar og indoar, det
var beteikninga dei bruka på folk med både europeiske og indonesiske
anar. I denne perioden skjer det mykje i Indonesia, dei har blitt ei
sukkerplantasje for Nederland, teknologien er i rivande utvikling med
framvekst av jernbane og presse, andre folk gjer opprør mot
kolonimaktene og rykte om denne motstanden spreier seg ved hjelp av den
nye teknologien.
Tetralogien følgjer den politiske og
personlege utviklinga til Minke. Den politiske utviklinga hans startar
med at han ser liding og undertrykking og har behov for å fortelja om
det. Han leverer artiklar til aviser og opplever at han sjølv og dei
nærmaste blir undertrykt på grunn av verksemda hans. Privatlivet hans
blir prega av sterke kvinner, mora ynskjer at han skal ta vare på
tradisjonane, mora til kjærasten hans inspirerer han til å skriva og
til å utdanna seg og til å visa motstand, kjærasten hans inspirerer han
til å bli seg sjølv. Tetralogien er full av sterke kvinner. Forfattaren
visar at dei har begrensa handlingsrom, men samtidig flytter dei både
personlege og politiske grenser, og inspirerer Minke.
Bøkene
følgjer analysane til Minke, frå å reagera på undertrykking til å
forsøka å laga organisasjonar og aviser for å endra på undertrykkinga.
Toer viser at inspirasjonskjeldene til folk i andre deler av verda
ikkje berre er ideala frå den franske eller amerikanske revolusjonen,
men opprøra dei får høyra om frå andre deler av den undertrykte verda.
Minke blir inspirert av opprøra på Filippinane, og dei kinesiske
organisasjonane. Men det nederlandske imperiet er ikkje interessert i
opprørske innbyggjarar, og boka viser også klårt korleis kolonistyret
undertrykte innbyggjarane.
Ingrid Baltzersen
Lag en lenke av denne siden
|