|
Det
som opprører meg mest med kapitalismen, er at han gjer menneskelege
behov til salsobjekt. Behovet for bekrefting frå andre folk, for
vennskap, kjærleik, sex, spenning, flørt, alt kan kjøpast og selgast,
og viss ein ikkje får den ekte varen, kan ein kjøpa eit substitutt. Reklamen viser at viss ein kjøper den sjokoladen eller det bindet eller det vaskemiddelet, så blir ein lukkeleg.
Ingrid Baltzersen er 25 år og tar ein mastergrad i midtausten- og nordafrikastudier.
Ho er nestleiar i AKP og er leiar i Palestinakomiteen i Oslo
Eg
meiner det er nødvendig å gjera om på dette systemet, for at folk skal
ha det bra med seg sjølv og kvarandre. Eg trur og håpar at forholdet
mellom folk kjem til å endra seg etter ei sånn omgjering, fordi me er
prega av samfunnet me lever i.
Mitt draumesamfunn er kome til
ut i frå korleis eg ville hatt det viss eg fekk bestemma. Eg trur
samfunnsendringar kjem til gjennom samarbeid og meiningsbrytning, så eg
meiner ikkje min utopi er det einaste moglege utfallet.
Eg
synst det er best å organisera fleire ting kollektivt. Husvære burde
byggast sånn at det var enklare å bu kollektivt og samtidig ha ein del
privatliv. I dag blir det bygga masse bitte små leiligheter, som ein og
ein kan bu i åleine. Middagslaging for ein liten familie er dårleg bruk
av tid. Ein person, gjerne ei dame, brukar i dag fleire timar om dagen
for å handla inn til, laga og rydda etter middag. I staden kunne ho og
ungane eller vennene hennar gått ut og spist eit godt og næringsrikt
måltid, og bruka tida dei elles hadde bruka på middagslaging på
kvarandre. Eg likar godt å laga mat sjølv, men då kunne eg gjort det
når det var noko spesielt på gang, eller meldt meg frivillig til å laga
mat til fleire.
I mitt draumesamfunn er ein ikkje avhengig av
å vera gift eller sambuar med nokon for å ha ein unge. Det er ein ikkje
no heller, men i dag er det andre valet å vera aleine. I min utopi er
ikkje ungar avhengige av berre ein forelder, det er fleire som oppdrar
ungane saman. Eg trur ungar har godt av stabile vaksenpersonar, men
foreldra behøver ikkje å vera to personar som er kjærestar. I dag er
lovverket lagt opp til at eit barn skal ha to foreldre av motsatt kjønn.
Eg
ynskjer å oppheva ekteskapet og sambuarskapet som økonomisk einleik, og
eg trur at det vil endra måten folk ser på kjærleik. Viss ikkje det å
bu godt, ha stabil økonomi og støtte frå andre er avhengig av å ha ein
ektefelle, vil nok fleire forhold enda. Det ser ein i dag også, at når
det er juridisk og økonomisk enklare å skilja seg, så gjer fleire det.
Men eg trur også ei slik endring vil føra til at fleire forhold vil
vara, fordi dei ikkje lengre blir knytt til felles økonomiske problem
og mangel på tid. Viss fleire ting er gjort samfunnsmessig, vil det
ikkje bli folk sine private problem.
Ein har sett slike
endringar i forholdet mellom folk i vår tid også. Det romantiske
ekteskapet er ein ny institusjon i vårt samfunn. I vårt samfunn er ein
anten hetero eller homo, ein er gift, sambuar, kjærast eller "berre
vener". Eg trur at ein kunne hatt fleire typar familieformar eller
forhold viss ein ikkje knytte det å ha ein partnar til det å vera
vellukka. Noko av desse endringane ser ein i dag også, vennefamilien
blir viktigare enn den biologiske familien for mange, og det oppstår
nye omgrep som pulevenner. Eg er for at folk skal kunna vera livslange
monogame kjærastar, men eg trur også at det er mogleg å leva annleis,
og eg vil at det skal vera respekt for ulike måtar å leva på.
Eg
trur at fleire av tabua som finst i vårt samfunn er knytt til
patriarkatet, altså mannsstyret. Kapitalismen tener på patriarkatet,
men desse haldingane kan fortsetta i andre samfunn viss ein ikkje
kjempar mot dei. Eksempel på tabu er at jenter som har fleire
partnarar, blir stempla som horer, det at homser, lesber, bifile og
andre som ikkje passar inn i heteronormativiteten framleis blir
diskriminerte og framleis føler seg utstøytt frå delar av samfunnet.
I
mitt drøymesamfunn blir eg ikkje behandla annleis fordi eg er jente. Eg
må ikkje velja mellom å vera attraktiv eller kamerat, hore eller
madonna. Eg må ikkje kjempa dobbelt så mykje for å bli sett som det
gutar gjer. I min utopi blir ikkje gutar som oppfører seg respektfullt
mot jenter, disiplinert til å tru at det er veikt, og jenter blir ikkje
opplært til å respektera gutar som undertrykker.
Me blir
disiplinerte av kvarandre til å følgja dei partiarkalske normene i vårt
samfunn. Når nokon oppfører seg annleis, truger det dei som stør dei
tradisjonelle kjønnsrollene og maktforholdet mellom kjønna. Også
kvinner er ein del av dette, dei dominerte undertrykker seg sjølv også
for å sleppa meir problem.
Alt dette går det an å prøva å
endra i vårt samfunn. Men kvar gong ein prøver å leva annleis går ein
på ein vegg. Kjærleiken blir kommersialisert og seld, anten ein lev i
ekteskap eller utan kjærast, som sambuar eller åleine med ungar. Eg
trur det er bra å prøva å leva annleis no også, fordi det er nødvendig
for ein del av oss, og dei forsøka ein gjer i dag, er viktige for å
læra meir om kva ein kan gjera i morgon viss ein har betre vilkår. Men
det er alltid ein fare for at det opprørske i å prøva noko nytt blir
kommersialisert og seld tilbake.
Lag en lenke av denne siden
|