|
Det
føregår ein viktig debatt om korleis den revolusjonære venstresida i
Noreg bør vera organisert. Resultatet av denne debatten vil avgjera kor
sterkt me står i kampen for eit betre samfunn, og mot dei angrepa som
arbeidarklassen i Noreg og resten av verda opplever. Det er mange som
tar til orde for ei samanslåing av RV og AKP. Eg vil gjerne ha eit
stort og viktig parti på venstresida som er revolusjonært og
aktivistisk, og eg trur at RV og AKP til saman kan bli det. Men eg
meiner at det er viktig at partiet ikkje blir prega av store
motsetningar og splittingar. Indre konfliktar tar tid og krefter bort
frå dei viktige oppgåvene, og verkar negativt på organisasjonskulturen.
Ein samanslåing av RV og AKP utan grundige diskusjonar som fører fram
til ein form for einskap, trur eg på sikt vil føra til fleire og større
konfliktar enn me har i dag.
Mari Fjeldstad, 23 år, bur i Bergen og studerer musikk. Medlem av AKP, RV og RU
Mari takker Jokke Netland for diskusjonar og innspel
Bruken av ordet
kommunist eller kommunistparti er omstridd. Nokre er ueinige i
innhaldet, andre meiner det er for nært knytt til dei undertrykkande
regima i Kina og Sovjet. Målet mitt er eit kommunistisk samfunn utan
klassemotsetningar. Eg vil gjerne bruka omgrepet kommunisme fordi det
på ein tydeleg og presis måte skildrar målet, og eg bruker det i
teksten. Men det er mykje viktigare for meg at eit framtidig parti har
ein god praksis, enn kva ord det brukar om seg sjølv.
Eg
håpar og trur at me kjem fram til mange gode kompromiss i løpet av
denne debatten. Det beste utgangspunktet for diskusjonar er at alle er
klare på kva dei ynskjer. Ved å vera tydelege og konkrete kan me få
klart fram kven som har eit reelt grunnlag for å samarbeida, og kven
som står for langt frå kvarandre politisk til at dei kan samlast i eit
parti. Dette er mine tankar om korleis eit kommunistparti bør vera.
Ein smaksprøve på kommunismen
I
følgje marxistisk teori kan det ikkje bli revolusjon før dei materielle
forholda ligg til rette for det. Det er sjølvsagt riktig. Men når det
oppstår ei revolusjonær situasjon er det ikkje gitt at den vil føra til
eit sosialistisk samfunn. For at det skal skje, må store delar av
folket ha sosialisme, og til slutt kommunisme, som mål. Når eg
diskuterer med folk som ikkje tenker på seg sjølv som revolusjonære, er
det sjeldan vanskeleg å bli einige om at kapitalismen som økonomisk
system fungerer dårleg for fleirtalet av menneska i verda. Dei fleste
kan til og med vera einige i at tankane mine om eit kommunistisk
samfunn ikkje er så dumme. Men dei færraste vert organiserte
kommunistar og kjempar aktivt for eit betre samfunn. Dei manglar håp om
at det er mogleg, og seier at kommunismen er ein god ide, men at den
vil aldri fungera i praksis.
Om eit kommunistparti vil vinna
stor oppslutning i Noreg i dag og i framtida, så er det desse tankane
me må forandra hjå folk. Me må gjera det lettare å tenka seg at me er i
stand til å skapa eit samfunn fritt for undertrykking. Måten me jobbar
på, sakene me jobbar med og måten me oppfører oss på, må vera argument
for at eit kommunistisk samfunn er mogleg. Det er sjølvsagt ikkje
mogleg å fjerna alle undertrykkingsmekanismar frå partiet når samfunnet
rundt er så prega av dei. Men me kan utvikla metodar for å nøytralisera
undertrykkingsmekanismane mest mogleg. Eit kommunistparti vil endra
dagens kapitalistiske samfunn til eit kommunistisk samfunn, og for å ha
truverde må kommunistpartiet vera ein smaksprøve på kommunismen.
Praksis
Det
er praksisen vår som må gje folk denne smaksprøven. Mi erfaring er at
få av dei eg har jobba saman med i RU, blir med i AKP, sjølv om ein
skulle tru at det var naturleg når ein har blitt for gammal til
ungdomsorganisasjonen å bli med i den vaksenorganisasjonen som har
omtrent same politiske grunnlag. Når eg diskuterer med dei, er det
sjeldan politiske standpunkt som er grunnen til at dei ikkje vil vera
med, men dei er kritiske til den måten me oppfører oss på og den
sosiale kulturen me har. Eg har vore medlem i AKP i snart to år, og mi
erfaring er at sjølv om noko av denne kritikken bygger på
misoppfatningar, så er altfor mykje av den riktig.
Den
praksisen vi har som er for dårleg, botnar mykje i at me har ein for
dårleg forståing av at det personlege er politisk. Å bruka
hersketeknikkar i ein diskusjon vitnar ikkje berre om dårlege vanar
eller tillærte kjønnsrollar, men òg om ei dårleg forståing av demokrati
og viktigheita av at alle synspunkt kjem fram. Det same gjeld lokallag
som alltid har den same ordstyraren på møter. Det handlar ikkje berre
om vanar, men òg om manglande politisk innsikt i spørsmål rundt
maktfordeling. Å gi alkoholen skulda for sexistiske kommentarar frå
kameratar på fylla, er å unnskylda dårleg feministisk skulering. Derfor
er løysinga ikkje å vera "snillare med kvarandre", men å verta betre
skulerte, å studera meir og få ei betre forståing av at politikken vår
aldri er betre enn praksisen vår.
Me må òg skapa rutinar for
kritikk og sjølvkritikk. Det er viktig å trena på å både gi og få
kritikk på ein slik måte at den blir konstruktiv og byggande. Alle
møter bør ha eit punkt til slutt der det er rom for å lufta tankar
rundt møtet. Det er viktig å oppsummera kven som har snakka, kva dei
har snakka om, på kva måte dei har snakka og kor mykje tid dei har
brukt. Om ein finn at ei gruppe eller eit kjønn har dominert møtet må
det sjølvsagt diskuterast tiltak som kan hindra at det skjer igjen. Av
og til opplever ein i diskusjonar, både munnlege og skriftlege, at folk
blir for hissige og brukar ein stil som er hemmande for debatten. Det
må kritiserast på ein kameratsleg måte som gjer det lettast mogleg å ta
til seg kritikken. Om det er vanleg med kritikk og sjølvkritikk vil det
oppfattast som mindre personleg og sårt for den som blir kritisert enn
om det skjer sjeldan.
Feministisk praksis
Over
halvparten av arbeidarklassen i Noreg i dag er kvinner, og derfor er
kvinnekamp ei grunnleggande sak for kommunistpartiet. Eit
kommunistparti som vil bli stort og viktig i framtida, må prioritera å
organisera kvinner, og det må vera eit parti der kvinner trivst og kan
jobba politisk med fleire saker enn kvinnekamp. I dag er den
feministiske praksisen vår for dårleg. Dette kjem tydeleg fram i
kjønnsfordelinga blant unge medlemmar i AKP. Det er fleire gutar enn
jenter som melder seg inn, og det er fleire jenter enn gutar som melder
seg ut igjen. Dette er ikkje fordi gutane er meir politisk overbeviste
eller meir standhaftige, men fordi det er morsommare å vera gut enn
jenta i AKP. Gutane har fleire førebilde, får fleire oppgåver, får
bekrefta seg sjølv som politiske individ oftare og får meir taletid på
møta. Dette er eit sjølvforsterkande problem sidan gutar lettare
rekrutterer andre gutar enn jenter, og det må jobbast kontinuerleg med
å styrka jenter i partiet.
Eit kommunistparti må ha som mål
at feminismen skal gjennomsyra alle avgjersler og handlingar. Det bør
ha retningslinjer som omhandlar kven som blir gitt politiske oppgåver,
og kven som legg premissane for debattane. Til dømes bør ein vedta at
alle kvinnene i kvart lokallag skal få minst ei politisk oppgåve, som å
halda ei innleiing eller skriva eit debattinnlegg eller lesarbrev, i
halvåret. Dette vil motverka det som er vanleg praksis i dag, at menn
er mest synlege, får, eller tar, flest moglegheiter til å utvikla seg
politisk og dermed dominerer den politiske debatten. Ein bør òg ha eit
vedtak om at alle innleiingar, frå korte innleiingar i diskusjonar på
lagsmøte til hovudinnleiingar på store konferansar, må ha eit
kvinneperspektiv, og sjølvsagt må innleiingane vera jamt fordelt mellom
kjønna.
Me må òg styrka kvinnekollektiva i partiet. Det må
utarbeidast ei rekke tiltak som kan settast i verk når det trengs.
Sånne tiltak kan til dømes vera å vedta at lagsmøta i ein periode
startar med at kvinnene diskuterer dagens tema medan mennene tar
oppvasken. Eller at det vert sett av tid på konferansar der kvinnene
kan diskutera politikk saman. Det er viktig at kvinnekollektiva
fungerer styrkande på kvinner på andre politiske områder enn feminisme,
for det er på dei andre områda at mannsdominansen er størst.
Det
er lett å nedprioritera kvinnekampen i partiet. Det er tross alt betre
hjå oss enn hjå dei fleste andre partia, og det er så mange andre saker
som er viktige. For å motverka dei systematiske tilfeldigheitene som
gjer at feministiske oppgåver vert nedprioriterte, må feminisme bevisst
prioriterast før andre oppgåver. Eg trur at potensialet vårt til å
verva unge jenter er stort, og at hovudårsaka til at me ikkje klarer å
verva dei i dag, er vår dårlege feministiske praksis. Me som er jenter
og har vore med i RU nokre år, har brukt mykje krefter på å skulera
yngre medlemmar. Me har halde bøllekurs, innleiingar på lagsmøte og
tatt opp kampen mot brautande gutar når det trengs. Når me vert så
gamle at me vil organisera oss i eit vaksenparti, freistar det lite å
byrja på nytt, berre at no er det menn i staden for gutar. Eit
kommunistparti som vil verva unge jenter må ha noko betre å tilby.
Klassar
Marx
påviste at arbeidarklassen er den einaste klassen som kan skapa
revolusjon. Eit kommunistparti som tar på alvor at revolusjonen me
kjempar for, må vera arbeidarane sitt eige verk, må vera dominert av
arbeidarar. Det må ha effektive kvoteringsmekanismar for arbeidarar som
nøytraliserar dei skjulte mekanismane, som gjer at akademikarar i dag
dominerer venstresida. Ein måte å gjera dette på, er å vedtektsfesta at
alle styre og utval må ha meir enn halvparten arbeidarar. Det bør vera
like naturleg å ha minst halvparten arbeidarar i alle styre og utval
som det er å ha minst halvparten kvinner i dag. Dette vil sikra at
politikken som vert utvikla er i tråd med arbeidarklassen sine
interesser, og på deira premissar. Partiet må bygga arbeidarar slik at
dei vert leiande i partiet og i klassekampen.
Kommunistpartiet
må jobba for å styrka klassemedvitet i arbeidarklassen, og for at
klasseomgrepet vert brukt i politiske analyser og retorikk. Alle
medlemmane i partiet bør ha ei oppfatninga av kva klasse dei tilhøyrer,
og kva klassebakgrunn dei har. Eg vil ikkje ha eit parti der medlemmar
med arbeidarklassebakgrunn har høgare status enn andre, men eg vil ha
eit parti som har eit bevist forhold til klasseetilhøyrigheit, og
korleis det påverkar politikken. Det bør òg diskuterast om ei viss
sjølvproletarisering bør gjeninnførast. Medlemmar bør diskutera sine
yrkesval på politisk grunnlag, sjølvsagt utan at partiet overstyrer
personlege avgjersler.
Forholdet mellom kvinnekamp og
klassekamp må studerast og diskuterast. Det må utviklast ei forståing i
partiet av at kvinnekampen styrkar arbeidarklassen sin kampevne gjennom
at kvinner får betre moglegheiter til å delta i kampen, og at ein meir
likestilt arbeidarklasse er ein meir samla klasse med færre indre
motsetningar. Denne forståinga er særleg viktig for menn, sidan dei
ikkje opplever kvinneundertrykkinga på kroppen, og derfor har lett for
å nedprioritera kvinnepolitiske spørsmål.
Organisering av partiet
I
prosessen fram mot ein eventuell samanslåing av RV og AKP må me
diskutera korleis me vil organisera eit nytt parti. Det er mange store
og viktige ueinigheiter som må avklarast. For meg er dei viktigaste
spørsmåla dei som har direkte påverknad på det daglege arbeidet i
partiet, til dømes om det er aktivitetsplikt, korleis lokallaga skal
fungere, og kor mykje partiet legg vekt på parlamentarisk arbeid.
Parlamentarisk og utanomparlamentarisk arbeid
Eit
parti som har hovudvekta av arbeidet sitt utanom dei parlamentariske
organa, treng ein annan organisering enn eit parti som hovudsakleg
jobbar parlamentarisk. Eg vil ha eit parti som jobbar parlamentarisk,
men som har hovuddelen av arbeidet sitt utafor det parlamentariske
systemet. Dei måtane som er effektive å organisera eit parti på i høvet
til parlamentarisk arbeid, er lite effektive om målet er eit parti der
alle medlemmane, ikkje berre dei som er folkevalde, er aktivt med på å
utforma politikken. Til dømes så er det bra for det parlamentariske
arbeidet å ha nokre få og flinke folk med stor arbeidskapasitet som kan
lesa sakspapir og skriva framlegg til vedtak på kort varsel. Men det
partiet eg vil ha, bygger politikken sin på heile partiet sine
erfaringar, slik dei er vedtatt i partiprogrammet, og ikkje på
enkeltpersonar.
I eit parlamentarisk parti er det som regel
eit skilje mellom dei som har verv i partiet og dei som er vanlege
medlemmar. Eit parti av denne typen prioriterer sjeldan å skulera alle
medlemmane, og har ingen eller få møter for dei som ikkje sit i eit
styre. I parlamentariske parti er det vanleg at hovuddelen av
aktiviteten til dei vanlege medlemmane føregår i ein hektisk
valkampmånad annakvart år, og at dei er passive resten av året. Eit
kommunistparti som vil nå ut til folk, må nytta seg av dei
moglegheitene som valkamp og representasjon i folkevalde organ gir. Men
parlamentarisk arbeid må vera eit middel for å oppnå eit reelt
folkestyre, og ikkje eit mål i seg sjølv. Eit kommunistparti bør ikkje
måla sin suksess eller fiasko i valresultat, men i aktivitet,
demonstrasjonar, konferansar og utfall av enkeltsaker.
Aktivitetsplikt
I
eit levande kommunistparti må alle medlemmane ta aktivt del i
utforminga av partiet. Ved å ha aktivitetsplikt i partiet opphever ein
skiljet mellom dei som skapar politikk og dei som mottar politikk, og
ein sikrar at alle med stemmerett på årsmøte og liknande, har gjort seg
opp ei meining på grunnlag av erfaringar frå politisk aktivitet.
Aktivitetsplikta må ikkje vera eit hinder for travle folk som ønskjer å
bli medlemmar, men ei stadfesting av at det er aktivitet som er norma,
og at alle skal bidra med det dei kan.
Lokallag
Alle
medlemmane i eit kommunistparti bør tilhøyra eit partilag som har
jamlege møter, og som fungerer som eit kollektiv der alle som deltar
blir sett og høyrt. For at alle skal få høve til å utvikla ulike sider
av seg sjølv som politiske individ, er det viktig at det ikkje
etablerer seg faste roller, der nokon alltid er ordstyrar og andre
aldri seier noko. Dette krev jamlege diskusjonar om korleis laget
fungerer, og ei politisk forståing for at alle sine synspunkt og
meiningar er viktige for å utvikla ein god politikk. Som hovudregel bør
alle oppgåvene i eit lag gå på rundgang slik at alle får utvikla seg
til å bli leiande personar i og utafor partiet. Til dømes bør ein
skifta innleiar, ordstyrar og referent på kvart møte, og diskusjonane
bør helst organiserast som rundar der alle får høve til å snakka. Men
det er fleire oppgåver som bør gå på rundgang. Å passa medlemmane sine
born, å koka kaffi, køyra til og frå møta og å ta oppvasken etterpå er
òg oppgåver som alle har eit ansvar for at blir fordelt rettferdig. Om
dette vert fordelt blant alle medlemmane vil det verta lettare å ha små
born eller ein krevjande jobb, og likevel kunna delta i partiet. Det
vil særleg vera positivt for kvinner, og vera god feministisk praksis.
Me bør i mykje større grad enn i dag ha opne, annonserte møte, standsverksemd, løpeseddelutdeling og aktivisme. akp.no
er eit godt verktøy for å nå ut til folk, som me må bli flinkare til å
bruka. Me bør òg vurdera om møte kan delast inn i ein snakke-del og ein
gjere-del. Kvifor ikkje ha ei kort innleiing om flyktning- og
asylpolitikken i Noreg før ein besøker eit flyktningemottak for å
snakka med dei som bur der resten av kvelden?
Strategi for revolusjon
Me
har som mål at folket i Noreg skal laga ein revolusjon og skapa eit
sosialistisk folkestyre. Dei siste åra har den revolusjonære
venstresida diskutert mykje korleis dette samfunnest skal vera, og det
har kome fram mange gode tankar. Men no meiner eg det er på tide å
diskutera kva me kan gjera i dag, med dei ressursane me har no, for at
revolusjonen skal komme nærare. Og endå viktigare; korleis kan me best
førebu oss på den vanskelege perioden som vil komma like etter
revolusjonen når ulike grupper vil freista å få gjennomslag for sitt
syn på korleis samfunnet skal utvikla seg?
Kommunistpartiet
bør ha ein strategi nedfelt i prinsipprogrammet/partiprogrammet.
Strategien må ta utgangspunkt i Marx sine teoriar om at det er
klassekampen som driv historia framover, og ikkje det parlamentariske
systemet. Strategien må òg ta utgangspunkt i den krafta som kampen for
kvinnefrigjering representerer. Med eit slikt utgangspunkt kan partiet
skapa heilskaplege analysar, som forklarar samanhengen mellom
tankerekkene og konklusjonane. Eit parti som i for stor grad legg vekt
på parolane, utan å ha grundige analyser som underbygger dei, vil få
mindre gjennomslagskraft enn eit parti med gode og grundige analyser.
Den
viktigaste klassemotsetninga under kapitalismen er mellom
arbeidarklassen og borgarskapet. Kommunistpartiet sin strategi må
analysera kvar borgarskapet står i dag, kva grupper som finst inne i
klassen og i kva retning dei ynskjer at samfunnet skal gå. I hovudsak
vil arbeidarklassen ha interesser som går på tvers av borgarskapet sine
interesser, og strategien må skissera korleis me kan møta borgarskapet
sin nyliberalisme. Ein god strategi kan hjelpa oss å prioritera
kreftene riktig. Den må vera samlande og motiverande, sjølv om det er
viktigare at den er riktig enn at den er populær.
Å ta seg sjølv alvorleg
Det
kommunistpartiet som eg har lyst til å arbeida i no og i minst 50 år
til, må ta seg sjølv og sine standpunkt på alvor. Det må ta
konsekvensane av sine standpunkt, og la praksisen tala høgare enn ord
og partiprogram. Det kan ikkje berre ha god politikk på enkelte område,
men det må ha ein heilskapleg strategi for å påverka samfunnet. Me
meiner at mennesket har moglegheit til å skapa eit samfunn fritt for
undertrykking. Lat det komma til uttrykk i praksisen vår.
Lag en lenke av denne siden
|