|
Det
byrjar etter kvart bli tilgjengeleg ein god del litteratur på vestlege
språk om konflikta i Tsjetsjenia. Bøkene tek stort sett for seg
politikken rundt det eller den tsjetsjenske soga. Julia Jusiks Allahs sorte enker er den første reportasjeboka om dei kvinnelege sjølvmordsbombarane som har prega det russiske samfunnet den siste tida.

Julia Jusik: Allahs sorte enker - kvinnelige selvmordbombere fra Tsjetsjenia
Ganesa forlag, 2005 - 190 sider
Folk
som sprengjer seg sjølv i lufta og tek med andre, uskuldige i same
slengen er eit fenomen me kjenner særleg frå Midtausten og Sri Lanka i
tillegg til Russland. Julia Jusik er den første russiske journalisten
som har freista gå inn bak sjølve terrorhandlingane - ho vil finna ut
kva som driv "Allahs sorte enker" til dette skrittet. På eige initiativ
reiste den unge kvinnelege journalisten rundt i Tsjetsjenia for å
snakka med etterlatte av fleire kvinnelege sjølvmordsbombarar; ho
nærast fotfølgde dei for å finna ut korleis ekstreme fundamentalistar
(menn) klarer å rekruttera eit så stort tal potensielle (kvinnelege)
reiskap for å åtaka russarane på russarane sitt eige territorium. Jusik
beskriv godt korleis dei som ender opp som sjølvmordsbombarar oftast
har ei forhistorie som inkluderer nærast total utsletting av fleire
mannlege slektningar, noko som er ei tragedie i eit så patriarkalsk
samfunn som Tsjetsjenia.
Og det er her boka har sin verkelege
styrke. Gjennom å dra dit og sjå med eigne auge kva kvinnene er utsette
for, leverer Jusik eit godt bidrag til å forstå det tsjetsjenske
samfunnet og endringa som har gått føre seg i den tsjetsjenske
motstandskampen sidan den første tsjetsjenske krigen braut ut i 1994.
At kampen no går meir på å oppretta ein islamsk republikk og ikkje
berre lausriving frå Russland, er eit aspekt ved spørsmålet om
Tsjetsjenia som russarane utnyttar til fulle - dette har nok også vore
ein viktig faktor for å knekka vestleg støtte til den tsjetsjenske
frigjeringskampen.
Men Jusik har ei hovudtese som går på at den russiske etterretningstenesta FSB (1)
veit om dette. Dei veit om at det finst treningsleirar kor den mannlege
leiinga "trener opp" kvinner til å bli sjølvmordsbombarar. Det er berre
det at dei ikkje gjer noko med det, hevdar Jusik. Difor vart også boka
drege vekk frå den russiske marknaden rett etter at ho kom ut. Dette
sytte óg for at Jusik sjølv vart arrestert og forhøyrd om arbeidet
sitt, noko ho óg beskriv i boka.
Heldigvis valde Jusik ikkje
å halda kjeft, slik så mange andre kritiske journalistar i Russland har
vald grunna trugsmål frå etterretningspolitiet om både fengsel og
øydelagde karrierer.
Jusik skriv også om korleis desse
kvinnene er fullstendige reiskap for mennene og at dette faktisk går så
langt som å gje seg utslag i at mange ikkje veit kva dei går til når
dei blir sjølvmordsaksjonistar. Kvinnene går rett og slett rundt med
fjernstyrte bomber som blir sprengde når ein bakmann trykkjer på
utløysarknappen. Dette er med på å setja fokus på den heilt opne
kjønsdiskrimineringa i Tsjetsjenia - eit samfunn kor kvinnene
tradisjonelt sett blir sett på som mannens eigedom og som ikkje kan
venda attende til opprinningsfamilien etter å ha gifta seg. Om
ektemannens familie ikkje er interessert/har evne til å ta seg av
kvinna om ho blir enkje, driv mange kvinner til desperasjon. Dette er
med på å gje grobotn for ekstremistane.
Jusik har i fleire
intervju sagt at dei russiske styresmaktene har eigeinteresse av å
halda konflikta i Tsjetsjenia gåande. Etter mi meining lukkast ho ikkje
så godt med dette som med sjølve menneskeskildringane. Det ville også
vore vanskeleg som russisk statsborgar. I eit intervju med Aftenposten
13. april i år seier ho også at dette er umogeleg å seia rett ut og å
prova dette i boka. Likevel vonar ho at lesaren sit att med det same
inntrykket etter å ha lese ho.
Denne meldaren meiner at det
ikkje er her boka har si styrke. Det gjenstår mykje arbeid før Jusik
kvalifisert kan underbyggja påstanden sin. Dessutan finst det alt ein
god del materiale på dette området (2)
som er betre både i oppbyggjing, argumentasjon og kjeldebruk. Kor som
er må boka reknast som verdifull. I den norske boka er dei grufulle
bileta som er med i den russiske originalutgåva fjerna. Skildringa av
dei grufulle overgrepa som er med på å "ekstremifisera" kvinnene, er
likevel tindrande klår. Boka er heller ein dokumentasjon av desse
kvinnene si historie enn det er ei politisk bok.
Boka er
lesarvenleg og kort. For ein filolog er det irriterande med feil
transkribering av russiske namn, men så lengje dette er gjort
konsekvent, får vel omsetjaren sleppa unna med dette.
Jan Erik Skretteberg
Noter:
(1) FSB står for Federalnaja Sluzjba Bezopasnosti (norsk: Den føderale tryggleikstenesta), og er etterfølgjaren til KGB.
(2) Interesserte kan til dømes byrja med Novaja Gazeta-journalisten Anna Politkovskajas omfattande bøker på området.
Lag en lenke av denne siden
|