|
"Denne
boka handlar om fornorskingspolitikken og arbeidet for å utvikle ein
samisk skole. Dette er ikkje bare historie. Reformene på 90-talet førte
med seg fleire tilbakeslag for samisk opplæring. Mens Regjering og
Sameting kranglar om kompensasjon for tidligare fornorsking, ser vi
klare teikn på at fornorskingspolitikken held fram. Derfor er denne
boka meir aktuell enn ein skulle ønske." (Frå forfattaren sitt forord.)

Svein Lund:
Samisk skole eller Norsk Standard? Reformene i det norske skoleverket og samisk opplæring
Sámi skuvla vai Norsk Standard? Norgga oahpahusođastusat ja sámi oahppi
Davvi Girji 2003, 112 sider
ISBN 82-7374-515-5 (norsk), 82-7374-157-5 (samisk)
Svein
Lund si bok frå 2003 er ei fortetta innføring i ein del av Norge si
historie som kolonimakt i nord. Gjennom korte glimt frå historia maktar
han å vise rasismen og det enorme tvangselementet i norsk samepolitikk.
Utdrag frå boka:
"Men
når det fordres at tjenere, barn og barnebarn skal stå under husfarens
velde, så stemmer dette ikke med samisk tradisjon og moraloppfatning.
Heller ikke når det heter at mannen skal regjere kvinnen og forsørge
henne, og hun skal være mannen underdanig. Slik har det aldri vært
blant samer. ... Slik søktes gjennom katekisme og hustavle innpodet i
samene en moral og sosial ordning som ikke stemte med deres egen
moraloppfatning og livsmåte."
(Bård Tvete: Skolebøker for samebarn i Norge fra Thomas von Westen til i dag. 1935)
"Det
er misforstaaet Humanitet at søge at kalde tillive og nære denne
Nationalitet. ... Den som stræbte at opelske den lappiske Nationalitet
var deres værste fjende, thi han indviede dem til Undergang. ... Den
eneste Redning for Lapperne var at absorberes af den norske
Nationalitet."
(Stortingsrepresentant, seinare statsministar, Johannes Steen 1863)
"Ett
sprog i Finmarken. Det er maalet. I de siste ti aar, og særlig da efter
internaternes oprettelse, har fornorskningsarbeidet her oppe for alvor
tat fart, Saa langt er man nu kommet, at de fleste av den yngre
generation taler norsk med lethet, og gaar utviklingen i samme spor som
hittil, vil inden tyve aar kanske maalet være naaet. Under disse
forhold at ville indføre lappisk og kvænsk i norske skoler er intet
andet end forloren sentimentalitet, opalet i feminine hjærner sydpaa."
(Nils Collett Vogt i 1918: Smaa breve fra Finmarken)
Nokon som hugsar Carl I. Hagen i forrige stortingsvalkamp?
Det fantest motstand mot denne politikken utan at det fekk følger for den norske staten sin fornorskingspolitikk.
Finnmark Arbeiderparti - sameprogram stortingsvalet 1906:
"Folkeskolen:
Samisk skal være undervisningssprog hele skoletiden ut i alle fag
undtagen norsk. Norskundervisningen skal begynde først fra 12. aar."
(Isak Saba blei valt inn på Stortinget for Finnmark Arbeiderparti, men fekk lita støtte frå partigruppa si på dette feltet.)
Presten Jens Otterbech og læraren Johannes Hilde i kampskriftet Fornorskningen i Finmarken(1917):
"Paa
denne maate er dette lille folk søgt berøvet ved statens hjælp det
helligste og høieste et folk eier - sit morsmaal. Vi føler os forvisset
om at det norske folk, naar det faar hel og sand oplysning om dette
forhold, ikke lenger vil fortsette slik. Det er os uværdig."
Svein Lund viser også eit særs grotesk utslag av rasismen ved å sitere skuledirektør i Finnmark 1923-33, Christen Brygfjeld:
"De
få individer som er igjen av den opprinnelige lappiske folkestamme er
nu så degenerert at det er lite håp om noen forandring til det bedre
for dem. De er håpløse og hører til Finnmarkens mest tilbakesatte og
usleste befolkning og skaffer den største kontingent herfra til vore
sindsykeasyler og åndsvakeskoler."
Og verre blir dette når avisa Nordlys
for få år sia kunne rapportere at samiske ungar i Spansdalen i Troms
heilt fram til 1960-åra blei stempla som ådssvake av dei lokale
skuleleiarane og sendt til Trastad Gård i Harstad avdi dei ikkje kunne
snakke skikkeleg norsk. Eit folkemøte i bygda vedtok på 1960-talet å
slutte å snakke samisk av omsyn til ungane.
Boka viser at det
har vore positive endringar i høve til samane og samisk skulepolitikk,
særleg etter at samane blei betre organisert og ikkje minst etter
Alta-kampen. Men trass i endringar i lovar og retningsliner, viser
Svein Lund at situasjonen langt frå er rosenraud for utviklinga av ein
samisk skule i Noreg. Han siterer Ole Henrik Magga (Sametingets første
president) frå 1994:
"Vi er kommet dit hen
at mange snakker om en samisk skole. Sannheten er vel heller at det vi
i dag har, er ikke "en samisk skole", men en slags delvis oversettelse
av norsk skole. Og dessverre er heller ikke oversettelsen så
fullstendig og god. Vi har ingen samisk skole verken når det gjelder
innhold eller organisering."
Svein Lund
presenterer skulereformane i Noreg og ein del av den pedagogiske
debatten (og mangel på sådan). Ein interessant debatt, men som liksom
historieglimta, kanskje i for liten grad knytta til dei sosiale og
økonomiske endringane som låg/ligg til grunn.
I boka går han
gjennom utviklinga på alt frå barnehagar til vaksenopplæringa og viser
også korleis dette slår ut i høve til samisk opplæring - og korleis det
i dei generelle reformane blir "gløymt" at det finst samar. For dei
mange kritikarane på "venstresida" kan dette vere ei viktig påminning -
at dette ikkje berre er eit spørsmål om minoritetspedagogikk, men også
om problematikken kring det nasjonale spørsmålet.
Når Svein
Lund peiker på at fornorskingspolitikken ikkje er over, er det ikkje
berre eit spørsmål om manglar i norsk politikk, men konsekvens av
medvite politiske val.
På eit større møte i Tromsø, då
Gudmund Hernes sin siste reform skulle presenterast, var det ein og
entusiastisk statssekretær som snakka om "den nye nasjonsbygginga".
Både eg og andre i salen reagerte spontant. Eg hugsar eg kalte
innrettinga for halvfascistisk og skjelte ho ut etter notar. Den unge
statssekretæren var kanskje ikkje den rette mottakaren av reaksjonen,
men som ukritisk formidlar meiner eg det var på sin plass å adressere
ho og.
Hernes sin sentralistiske og "nasjonalistiske" line
følger ein raud tråd gjennom norsk politikk. Særleg skremmande er det
at dette har vore eit varemerke for "venstresida" i Arbeidarpartiet,
etter siste verdskrig først og fremst representert med "mot-dagistane",
ikkje minst Karl Evang og hans elitistiske og til dels halvfascistiske
"skape det nye mennesket"-politikk. Noko som forklarer overgrep ovafor
m.a. sigøynarar, brutale utslag innafor psykiatrien, og også korleis
Spansdalen-saka kunne finne stad utan offentlege motreaksjonar før i
byrjinga av 1990-talet.
I parantes kan nemnast den triste
opplevinga mi av våre tidlegare politiske vener på Sri Lanka, JVP
(Folkets frigjeringsfront) - "stalinistane", som predika: klassekampen
er viktigast - og då vi spurte kva syn dei hadde på det nasjonale
spørsmålet og tamilane, berre gjentok: klassekampen er viktigast, og
som i praktisk politikk har hamna på ei ultra-nasjonalistisk line
ovafor tamilske sjølvbestemmelsekrav.
Eg seier ikkje at
alle på "venstresida" i norsk politikk har hamna der i høve til samiske
sjølvbestemmelsekrav, men gud betre kor mange som har det. Så har Svein
Lund rett i at fornorskinga ikkje over? Ja, og kanskje verre - det er
teikn på at vi er inne i ein kritisk fase - vil samisk språk og kultur
overleve?
I ein rapport, referert på Troms fylkeskommune sin
samekonferanse i fjor, blei det ropt eit alvorleg varsko for samisk
språkoverleving i fylket. Og fylkesordføraren ga utrykk for at berre
ein ekstraordinær innsats kunne sikre samisk som levande språk i
fylket. Trass i ein del positive lovendringar osb. i skulen, synk talet
på elevar som har samisk som første- og andre-språk i vidaregåande
skule.
Universitetet i Tromsø får kritikk i media for
mangelfull og dårleg samisk språkopplæring. Forsvaret søker å fjerne
store delar av reindrifta i Troms, gjennom ekspropriasjonskrav i
Mauken-Blåtind og øydelegge livsgrunnlaget for dei fremste bærarane av
samisk språk og kultur. Og vi får rapportar om sterk nedgang i
fiskeflåten og talet på fiskarar som dreg i same retning - også dei
sjøsamiske bygdene blir blodtappa. Livsgrunnlaget for samisk språk og
kultur blir svekka.
Når no debatten om Finnmarkloven - som
skulle danne grunnlaget for sikring av samisk kultur, språk og
samfunnsliv - bringer samehetsen sine mest primitive former fram i
lyset igjen, er historia med eitt nærverande og vi skjønner at rasisme
ikkje er eit musealt omgrep.
Når ein veit at fiskeria, olje-
og gassverksemda og gruvedrift blir forsøkt halde utafor ei ny
forvaltning av Finnmark, så skjønner ein kva for materielle grunnar som
ligg bak og nærer opp under rasismen.
Svein Lund sluttar boka si med ei oppmoding:
"Det
er på tide å komme lenger enn å kritisere reformene og foreslå litt
flikking her og der. Både samisk og norsk skole treng no ein diskusjon
om alternativ til Norsk Standard."
Jo-o, men
viss det blir alt, trur eg at vi i beste fall ender opp med ein
glitrande samisk skule for stadig færre og i verste fall ei
fortreffeleg grunngjeving for enda meir privatisering - oppretting av
alternative skular.
Trass visse kritiske merknader, vil eg
oppmode folk å skaffe seg boka. Det er ei bok som yppar til debatt og
inneheld i tillegg ei stor litteraturliste for dei som ønsker å skaffe
seg meir kunnskap.
Jon Arne Jørstad
Lag en lenke av denne siden
|